Hopp til innhold

Førebur seg på fleire leiteaksjonar på Kjerag

Med rekordmange turistar til Kjerag i Lysefjorden denne turistsesongen, aukar sannsynet for fleire leite- og hjelpeaksjonar. Både politiet og Øvre Sirdal leitegruppe meiner dei er godt førebudde.

Norsk Folkehjelp Strand og Forsand

Måndag 19. juni redda Norsk Folkehjelp Strand og Forsand ei tysk kvinne med brekt ankel ned frå Kjerag. Politiet ventar fleire aksjonar i år enn i fjor.

Foto: Norsk Folkehjelp

I fjor var auken i Kjerag-turismen over 40 prosent og 70.000 gjekk til det verdskjende platået.

Denne sesongen er det venta 100.000 kjerag-turistar. Med aukande besøkstal, er Sirdal-lensmann Egil Netland førebudd på fleire leiteaksjonar.

– I fjor hadde me sju-åtte aksjonar. Med meir ferdsel er det naturleg at det blir fleire aksjonar, seier lensmannen som sjølv nyleg gjekk den 4,5 kilometer lange turen.

Meiner dei er godt førebudde

Egil Netland

Sirdal-lensmann Egil Netland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Måndag 19. juni skjedde sesongens første hjelpeaksjon på Kjerag-stien. Ei tysk dame braut ankelen og måtte få hjelp ned til Øygardsstølen.

Men med løyvingar på to millionar kroner i ein beredskapspakke for Preikestolen og Kjerag over statsbudsjettet, meiner Sirdal-lensmannen at dei er godt førebudde på det som kan skje i fjellheimen.

– Me er veldig glade for at dei frivillige organisasjonane har fått betydelege midlar til å styrka beredskapen og utstyret sitt.

Lensmannen fortel at det er store mannskap tilgjengelege når alarmen går, både Øvre Sirdal leitegruppe, Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Rovernes beredskapsgruppe.

Kjøper inn mykje utstyr

Arvid Tjørhom

Dagleg leiar for Øvre Sirdal leitegruppe, Arvid Tjørhom.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Øvre Sirdal leitegruppe har fått 250.000 i offentleg støtte til å styrka beredskapen.

Dagleg leiar for leitegruppa, Arvid Tjørhom, fortel at dei går til innkjøp av varmesøkjande kamera, jervendukar, bereselar, hjartestartarar, førstehjelpsutstyr og bårer.

– Med dette er me veldig godt utstyrt. I tillegg til utstyret Norsk Folkehjelp får i Lysebotn, er dette veldig bra.

Sirdal-lensmann Egil Netland understrekar likevel at Kjerag-turistane først og fremst må ta ansvar for tryggleiken sjølv.

– Både i forhold til korleis dei kler seg, utstyr og vêrprognosar.