Stavanger-politiet førebudde på opptøyar som dette

Politiet tek høgde for at det kan bli bråk når nasjonalistiske og antirasistiske organisasjonar demonstrerer i Stavanger laurdag.

Video Sammenstøt etter høyreradikal samling i Århus

Opptøyar etter høgreradikal samling i Århus i mars 2012.

Det er Norwegian Defense League (NDL) og Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) som skal demonstrera utanfor Oljemuseet i Stavanger laurdag.

Fleire politiske organisasjonar stiller opp til motdemonstrasjon. Til saman kan det bli fleire tusen demonstrantar i oljehovudstaden i helga.

Politiet i Stavanger har vurdert trugselen den komande laurdagen, og tar høgde for at det kan bli opptøyar.

– Me trur det blir to ryddige og rolege demonstrasjonar, men har planlagt ut frå at det kan bli bråk. Derfor kjem politiet til å vera synleg til stades denne dagen, seier konstituert politimeister i Rogaland politidistrikt, Leif Ole Topnes.

(Artikkelen held fram under videoen)

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Politiet førebur seg på opptøyar i Stavanger laurdag.

Vurdert ut frå Århus-bråk

I det førebyggande arbeidet har Stavanger-politiet bede om råd frå Oslo politidistrikt som har mykje erfaring med demonstrasjonar.

– Beredskapen vår er god, og eg trur me har det som skal til får å ta vare på tryggleiken, seier Topnes.

Erfaringar frå blant anna Århus i Danmark viser at det kan bli opptøyar når høgreradikale grupperingar samlast.

I slutten av mars i år blei det motdemonstrasjonar og bråk. Minst 80 personar blei arresterte av politiet.

Topnes seier at dei har sett på det som skjedde i Danmark, og planlagt ut frå at noko liknande kan skje i Stavanger.

Demonstrasjonane til helga skulle etter planen skjedd pinseaftan, 26. mai. Men politiet trekte tilbake demo-løyvet og utsette det ein månad på grunn av liten kapasitet denne dagen.

– Islam er vondskap

Kjersti Margrethe Gilje sit i landsstyret til NDL og er fylkesleiar i SIAN. Ho fryktar opptøyar, men seier deomstrasjonane er nødvendige.

– Islam er vondskap og islamistane kjem til å overta landet vårt. Dette må me bekjempa, seier ho.

Ho seier det er venta 3–400 demonstrantar berre frå SIAN laurdag.

– Dersom me ikkje demonstrerer på denne måten, blir me ikkje høyrde. Folk må vakna opp, seier ho.

Blir nesten flau

Ein av initiativtakarane til motdemonstrasjonane er Truls Drageset Dydland i partiet Raudt. Han likar haldningane til SIAN svært dårleg

– Dette er skumle haldningar. Eg blir nesten litt flau, seier han.

Han fryktar ikkje opptøyar til helga.

– Stavanger er ein antirasistisk by og me er glade i det kulturelle mangfaldet. Eg trur ikkje det blir bråk, sjølv om det blir motdemonstrasjonar, seier han.