Hopp til innhold

Sjokka over alle oppseiingane

Dei siste dagane har det kome meldingar om at meir enn 800 personar innan kort tid vil mista jobbane sine i oljeservicenæringa. Hilde-Marit Rysst er forbundsleiar i fagforbundet Safe, ho meiner det er eit feilgrep å seia opp så mange folk.

Hilde-Marit Rysst

Forbundsleiar i Safe, Hilde-Marit Rysst, meiner at oljenæringa ikkje bør kvitta seg med så mykje fagfolk, som dei nå gjer. Dette vil slå tilbake i oppgangstider, meiner ho.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Det er mange vonde samtalar ute i bedriftene nå. Det kan vera unge personar med nye hus og gode framtidsutsikter, som plutseleg får beskjed om at dei ikkje lenger skal jobba i selskapet dei hadde tru på.

Hilde-Marit Rysst

– Dersom alle desse oppseiingane kjem på grunn av sparetiltak frå Statoil, så er dette nok eit argument for at Statoil ikkje burde vore så dominerande som dei er på norsk sokkel, seier forbundsleiar i Safe, Hilde-Marit Rysst, til NRK.no.

Poenget er at bedriftene, som dei siste dagane har meldt om storoppseiingar, alle er avhengige av å levera tenester til Statoil. Så når Statoil kuttar i utgiftene blir det mindre arbeid til oljeservicenæringa.

– Eg er ganske sjokka

I dag kom meldinga om at Subsea 7 kuttar 100–150 tilsette. Tysdag blei det kjent at oljeservicebedrifta Bilfinger seier opp 600 arbeidarar.

Også opp mot 100 tilsette ved Aker Solutions i Bergen fekk tysdag beskjed om at dei må over til andre arbeidsoppgåver, i tillegg mistar 100 tilsette i forpleiingsselskapet ESS jobbane sine.

Sjølv om det var varsla nedgangstider, er Rysst likevel overraska over omfanget av meldingane.

– Eg er ganske sjokka over at me har ein total rotasjonsendring i bransjen. For tolv månadar sidan var me fortvilte over at me ikkje fekk fatt i nok kompetente folk til å driva bransjen vidare, og nå seier me opp svært mange. For meg verkar det som om dette skjer med litt for mange og litt for fort, seier ho.

– Ligg det ein kritikk til oljeserviceselskapa i dette?

– Ja, eg meiner det er spesielt om så store tal ein nå opererer med skal vera representativt. Eg trur ein drar til spareknuten litt for mykje. I klubbane våre sjekkar me i alle fall opp i dei enkelte bedriftene om det faktisk er så total svikt på oppdrag som dei vil ha det til, seier Rysst.

Leiinga hos til dømes Bilfinger, seier at det er manglande oppdrag frå oljeselskapa, som gjer at dei må sei opp 600 personar i Bergen- og stavangerregionen. Forbundsleiaren tar denne meldinga med ein dose skepsis.

– Det er i alle fall det dei seier, men i årsmøta som har vore rundt om i bedriftene har direktørar vore ute og sagt at framtidsplanane er gode, fortel ho.

– Mange er fortvila

– Korleis vil du sei at stemninga er blant medlemmane dine?

– Dei er sterkt fortvila Det er mange vonde samtalar ute i bedriftene nå. Det kan vera unge personar med nye hus og gode framtidsutsikter, som plutseleg får beskjed om at dei ikkje lenger skal jobba i selskapet dei hadde tru på.

Gro Brækken

Gro Brækken i Norsk olje og gass, meiner at masseoppseiingane ikkje på langt nær kan kallast ei krise i oljebransjen.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Korleis ser du på framtidsutsiktene til oljenæringa?

– Ser ein litt bakover er dette dessverre ikkje noko nytt i denne bransjen, me har hatt opp- og nedgangstider tidlegare. Eg er overbevist om at dette berre er ein solnedgang, og så vil det koma opp att. Me er interesserte i å leita meir, og me vil finna meir, men først skal ein bevisa at ein kan spara litt først.

Ho er likevel uroleg for kva som vil skje når nye oppgangstider kjem.

– Kor er då dei kompetente folka som mistar jobbane sine nå? Kor er riggane og utstyret ein treng for å byrja prosessen på nytt? Ein burde heller lagt aktivitetsnivået litt ned, slik ein fekk ein føreseielegheit både for dei tilsette men også for bransjen, avsluttar ho.

– Inga krise

Sjølv om fleire hundre menneske mistar arbeidsplassane sine i desse dagar, vil ikkje arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk olje og gass sei at dette er ei krise.

Dei meiner det er ei normalisering av aktivitetsnivået.

– Det er heilt klart dramatisk for dei enkeltpersonane og bedriftene som må kutta store delar av arbeidsstokken. Tilsette i olje- og gassindustrien har svært høg kompetanse, og me håper nå at denne kompetansen vil bidra til å gi dei arbeid også i andre bransjar, seier Gro Brækken, administrerande direktør i Norsk olje og gass, i ei pressemelding.

Ho meiner at situasjonen, slik den er i dag, må setjast inn i ein større samanheng.

– Om lag 250.000 menneske i Norge har arbeid i eller knytte til olje- og gassindustrien. Me går nå mot ei normalisering av aktivitetsnivået etter tre år med rekordhøge investeringar. Sjølv om investeringane går noko ned for 2015, er det tredje høgaste nivået i historia. Med andre ord er me langt frå ei krise i olje- og gassindustrien, seier Gro Brækken.