Forbod mot klemming på skule

Åttandeklassingane på Øygard ungdomsskole i Sandnes får ikkje lov å klemma kvarandre eller ha fysisk kontakt i friminutta, etter at dei fekk nye ordensreglar. Det skriv Stavanger Aftenblad. Fleire elevar avisa har snakka med reagerer på at dei ikkje kan gi kvarandre ein klem.