Hopp til innhold

For ung for fylkespolitikken

Det store spenningsmomentet på nominasjonsmøtet til Rogaland KrF, var om 17 år gamle Olaus Trygve Bjuland frå Nærbø skulle få tredjeplassen på fylkestingslista. Med hårfin klaring fann fleirtalet ut at han var for ung.

Olaus Trygve Bjuland, ungdomskandidat KrF Rogaland, 2015

Olaus Trygve Bjuland, tredjekandidat til fylkestingsvalet 2015 for Rogaland KrF. Møtet skjedde på Clarion Energy Hotel i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Olaus Trygve Bjuland er berre 17 år, men har drive med politikk sidan han var 13 år. Nå er han leiar for ungdomspartiet til KrF i Rogaland. Bjuland kjem frå Nærbø i Hå kommune.

– Eg har to foreldre med sterke meiningar, så det var heilt naturleg at eg blei politikar, seier han.

Ungdomskandidaten på kampplass

Med Sandnes KrF i spissen gjekk fleire utsendingar inn for å setje 24 år gamle Håkon Faarlund Hetland på tredjeplassen på fylkestingslista i staden for Bjuland. Han er student og jobbar for tida som trainee på Stortinget.

Dei som kjempa for Faarlund Hetland, meinte at Bjuland ville få fleire moglegheiter seinare.

I omvalet fekk Faarlund Hetland 50 stemmer, medan Bjuland fekk 47 stemmer.

Tolmodig toppkandidat

Solveig Ege Tengesdal toppa fylkestingslista til Rogaland KrF

Solveig Ege Tengesdal toppar fylkestingslista til Rogaland KrF.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Solveig Ege Tengesdal frå Eigersund var foreslått på førsteplass av lista. Den plassen fekk ho utan diskusjon. For fire år sidan var også Ege Tengesdal med i kampen om topp-plasseringa, men måtte då gi plassen til Ellen Solheim.

Dette året snudde situasjonen seg. Solheim fekk ikkje støtte for å stå på førsteplassen, og trekte seg frå nominasjonskampen. Ege Tengesdal blei løna for måten ho takla dette på sist, og blei vald inn til ståande applaus.

Vidare ned på lista

På andreplassen kom Per Kåre Foss. Han kjem frå Sola og er 50 år. Han er leiar av Rogaland KrF for tida.

På fjerdeplass kom Gunn-Marit Lygre. Deretter Jan Gunnar Mattingsdal, Svanhild Løge Skålheim, Gustav Løge Fosse, Marit Brekke, Torbjørn Hovland og Oddny Helen Turøy på 10. plass.

Nominasjonsmøtet Rogaland KrF, 2015

Det var 98 utsendingar, som avgjorde nominasjonsmøtet til fylkestingsvalet for Rogaland KrF, tysdag ettermiddag.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK