Hopp til innhold

For mykje klaging, meiner familien til autist-tvillingar

Familien til autisttvillingane Vilde og Hanne meiner det er for mange triste historier i media om barn med ekstra behov. – Sandnes kommune har gjort det enkelt for oss å finne den hjelpa me har hatt bruk for, seier Therese Berakvam.

Vilde og Hanne Berakvam flyttar til eigen leilighet den 4. januar

Tvillingane Vilde og Hanne Berakvam har alltid vore nært knytt til kvarandre. Nå skal dei flytta inn i eit bufellesskap.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

I dag, måndag 4. januar, flyttar tvillingane Vilde og Hanne Berakvam inn i eigne leilegheiter. Dei har blitt 21 år og har fått plass i det nybygde kommunale bufellesskapet i Hommersåk i Sandnes.

Ofte er oppslag i media om barn og ungdom med spesielle behov knytt til negative hendingar der foreldre og andre pårørande ikkje får den hjelpa dei meiner å ha rett på.

Therese Berakvam i den nye leiligheten til Vilde

Therese Berakvam i den nye leilegheita til Vilde.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me vil gjerne skryte av Sandnes kommune for den hjelpa me har fått opp gjennom oppveksten til tvillingane våre, seier Therese Berakvam.

Alt på ein stad

Historier om ei endelaus vandring frå kontor til kontor i kommunen, er ukjent for familien Berakvam.

– Samordningseininga i Sandnes kommune, har gjort at me har gått til eitt kontor og fått det meste av hjelpa der, fortel Therese Berakvam.

Og i tillegg har me hatt same saksbehandlar sidan jentene gjekk i barnehagen til at dei nå har blitt over 21 år gamle, seier ho.

Skilsmål er av det gode

– Mannen min anbefaler foreldre med barn med spesielle behov å skilje seg, seier Therese Berakvam.

Ho legg til at han gjer det med eit glimt i auga og at det ikkje er noko han tilrår i alle situasjonar, men at det faktisk har sine fordelar. I alle fall når begge finn nye partnarar og finn ut av det med kvarandre igjen.

– Me er to par og har dei halvparten av tida. Då har me dobbelt så mykje krefter og dobbelt så mykje pågangsmot og avlasting, som eit par som slit åleine, seier ho.

Kjem dei igjen?

Det er ikkje uvanleg at ungdom som flyttar ut, kjem tilbake til heimen og foreldra etter ei stund. Men slik trur ikkje Therese Berakvam det blir med tvillingane.

– Dei er veldig knytte til tinga sine, så når dei flyttar pc-en og dvd-ane sine til kvar sin nye leilegheit, så er det der dei kjem til å ha sin nye heim, seier Therese.

Julefeiringa kjem Vilde og Hanne til å ha hos foreldra også i framtida, men nå har dei fått eige hus

Julefeiringa kjem Vilde og Hanne til å ha hos foreldra også i framtida, men nå flyttar dei for seg sjølv.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ho opplever at dei nå er veldig spente og at både dei og foreldra synest det er ganske skummelt.

– Men ein gong må dei også bli vaksne, på sine premiss, og bli sjølvstendige, seier Therese Berakvam.