Eitt av strakstiltaka til Vegvesenet er å flytte inngangen frå vegen til husa, slik at den ikkje lenger skal ligge midt i ein uoversiktleg sving.
Dei foreslår og å senke fartsgrensa frå 50 til 40 kilometer i timen.
Karl Magnus Gundersen, som er far til treåringen, meiner dette ikkje er godt nok.
Han vil ha fysiske fartsdemparar i vegen, og utkjørsel for bil slik at barnefamilien slepp å krysse den sterkt trafikkerte vegen.
Statens vegvesen seier det er vanskeleg å senke fartsgrensa meir fordi det er så stor trafikk på Dusavikveien. Av same grunn har heller ikkje vegvesenet vurdert fysiske fartshindringar.
Gundersens advokat, Brynjar Meling, skal no skrive eit svar til Statens vegvesen der han vil foreslå at partane møtast for å finne ei løysing til beste for alle.