NRK Meny
Normal

Dårleg flytilbod øydelegg for kulturlivet

Flytilbodet mellom Haugesund og Oslo er alt for dårleg. Det seier reiselivet og kulturlivet i Haugesund. Dei meiner at konsertar, kurs og festivalar blir droppa fordi det ikkje går nok fly.

Flyplassen på Karmøy

FÅ AVGANGAR: Det er få fly som landar på flyplassen på Karmøy på laurdagar. No reagerer aktørar i reise- og kulturlivet i regionen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Me hadde Les Misérables som var ein stor satsing, og så var det Comedy festival, ein humorfestival for første gong i Haugesund.

Konserthussjef i Festiviteten i Haugesund, Tom Erik Anfinsen blar gjennom programmet over det som har skjedd i huset det siste halvåret.

Sjølv om det har vore eit fyldig program har flytilbodet om laurdagane gitt store utfordringar.

Tom Erik Anfinsen

BLIR DYRT: Konserthussjef i Festiviteten, Tom Erik Anfinsen meiner flytilbodet på laurdagane er ein tragedie.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Laurdagsavgangane til Haugesund er ein tragedie. Me mister mange moglegheiter til å få artistar over, fordi det berre er ein flyankomst laurdag morgon, seier Anfinsen.

Få avgangar gjer at han må ta i bruk andre dyrare løysingar.

– Eg må fly mange artistar til Stavanger og betale taxi derifrå til Haugesund. Det gjer prosjekta mykje dyrare, og det må me legga inn i budsjettet. Og av og til forsvinn det nokre som følgje av det, seier Anfinsen.

Altfor dårleg

I vekedagane går det fly til og frå Oslo stort sett heile dagen, både med SAS og Norwegian. Men slik er det ikkje på laurdagen. Avhengig av om det er sommar eller vinter går det mellom to og tre fly til og frå Oslo. Og då er det anten tidleg om morgonen eller seint på kvelden.

Vigleik Dueland er reiselivsdirektør i Destinasjon Haugesund og Haugalandet. Han er einig med Anfinsen om at flytilbodet på laurdagane er øydeleggande for regionen.

Vigleik Dueland

ØYDELEGG FOR REISELIVET: Vigleik Dueland, reiselivsdirektør i Destinasjon Haugesund og Haugalandet seier det dårlege flytilbodet øydelegg for kultur- og reiselivet i regionen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Flytilbodet om laurdagane er altfor, altfor, altfor dårleg. Det øydeleggar for oss når det gjeld kurs og konferansar i Haugesund, det øydeleggar for oss når det gjeld festivalar og turistar og tilreisande elles, seier Dueland.

Gjeld heile landet

Men det er ikkje berre i Haugesund at flytilbodet blir redusert på laurdagen. I heile Noreg blir talet på turar kraftig redusert.

– Eit døme på det er Oslo-Bergen, ei av våre mest trafikkert linjer. I vekedagane har me femten, seksten daglege avgangar, medan om laurdagen er det gjerne berre seks, sju. Det reflekterer berre grunnlaget og etterspurnaden hos passasjerane. Laurdag er den dagen me har færrast ruter i heile vårt linjenettverk, fortel Tormod Sandstø, pressekontakt i SAS.

Men Dueland meiner at flyselskapa burde undersøkt betre, om det kunne ha vore marknad for fleire fly på laurdagar.

– Dei må koma å snakka med oss. Dei må koma å snakka med aktørane som har kurs og konferansar, som har festivalar, som stadig må finna nye løysingar, eller i verste fall la ver å arrangere, fordi flytilbodet er for dårleg, seier Dueland.