Hopp til innhold

Jæren har fått sin eigen «selfie»-song

Tom Weum (47) spurde Facebook-venane sine kva hans neste song skulle handla om. Slik blei ein heilt ny «selfie»-song fødd.

«Selfie»-song frå Jæren

Karakteren Hagbart Sibelius Sør-Reime frå den nye musikkvideoen.

Foto: Jonny Engelsvoll

Dei siste ni vekene har The Chainsmokers sin #Selfie herja hitlister i heile verda og på Youtube er musikkvideoen sett meir enn 100 millionar gonger, nå har også Jæren fått sin eigen versjon av den populære songen om det populære fenomenet.

Det skjedde ved at artisten Tom Weum frå Kverneland spurde Facebook-venane sine kva dei ville han skulle laga ein song om.

Sjå videoen her:

Dottera hjelpte til

– Det var lenge sidan sist eg gav ut musikk med karakteren min Hagbart Sibelius Sør-Reime. Eg spurde derfor folk om kva ein ny song kunne handla om. Eg fekk inn mange løgne forslag, men det var nokon av dei eg ikkje forstod heilt, fortel han.

På desse stod det «Selfie», ein hit som jærbuen ikkje hadde fått med seg. Det hadde likevel dottera, som forklarte han alt. Dermed var det avgjort og nå er både videoen og songen ute. Ei litt mindre høgtideleg utgåve med litt meir landleg humor.

– Det er alltid kjekt når det er ute, og eg må sei at eg er nøgd med resultatet. Likevel veit ein aldri korleis slike ting vil slå an. Eg blei veldig overraska då den førre videoen me laga tok heilt av, fortel Weum.

– Tar tak i noko aktuelt

Han snakkar om songen «Lenje si du he fenje» som kom ut for nokre år sidan. Weum er artist og komikar på heiltid, og jobbar vanlegvis med å underhalda under kurs og seminar som næringslivet arrangerer. Likevel liker han godt å laga videoar.

– Eg har gjort mykje med Hagbart, men denne gongen tar me tak i noko aktuelt, det blir spanande å sjå korleis det vil gå, seier han.