Hopp til innhold

Fleirtal for å snyta Sandnes for Preikestolen

Innbyggarane i Kolabygda vil ikkje at Preikestolen skal bli ein del av storkommunen Sandnes. Sandnes-ordføraren forventar at dei ikkje får viljen sin.

Preikestolen 20.04.14

Preikestolen er den største turistattraksjonen i Noreg med eit årleg besøkstal på meir enn 250.000 turistar frå inn- og utland. I dag ligg Preikestolen i Forsand kommune. Men kor den skal ligga etter kommunesamanslåinga er uvisst.

Foto: Henrik Torjussen

Planlegginga av den nye storkommunen Sandnes er i full gang, og det er allereie bestemt at kommunevåpenet skal prydast av Preikestolen. Men i den vesle bygda som ligg nærmast Preikestolen, Kolabygda, er det fleire som kjempar for at det ikkje skal bli slik.

Måndag hadde dei folkerøysting, der dei skulle seia meininga si om kor den nye kommunegrensa skal gå, når Sandnes og Forsand blir ein kommune.

114 personar deltok i avstemminga, og fleirtalet vil at bygda deira, saman med Preikestolen, skal overførast til nabokommunen Strand i nord.

Slik fordelte stemmane seg

Tal på stemmer

Ja til at det omsøkte området skal tilhøyra Strand frå 2020

62

Nei til at det omsøkte området skal tilhøyra Strand frå 2020

52

Trur ikkje Kolabygda får viljen sin

Men folkerøystinga er berre rådgjevande, så alt er framleis ope. Det understrekar ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap). Han trur ikkje resultatet betyr at dei tapar kampen om Preikestolen.

– Eg føreset at regjeringa følger opp heile ideen om kommunesamanslåing. Ikkje kommuneoppdeling. Så dette er eg rimeleg sikker på at ikkje går gjennom, seier Wirak.

Heller ikkje ordførar i Forsand, som i dag er Preikestol-kommunen som skal slå seg saman med Sandnes, er redd for at folkerøystinga skal få konsekvensar.

Bjarte Sveinsvoll Dagestad

Bjarte Sveinsvoll Dagestad er ordførar i Forsand som skal slå seg saman med Sandnes. Han meiner at ein ikkje kan la 62 personar avgjera kommunegrensene i den nye storkommunen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Dersom det blir opna for at enkeltområde kan lausriva seg frå ei kommunesamanslåing på denne måten, så trur eg det vil bli opna for fleire hundre slike saker rundt om i landet, seier Bjarte Sveinsvoll Dagestad (H).

Saka skal bli drøfta i eit ekstraordinært kommunestyremøte på torsdag. Ordføraren trur ikkje folkerøystinga vil ha noko å seia for planane om å få Preikestolen inn i den nye storkommunen.

– Står fast ved det me har sagt tidlegare

Han meiner det er feil om den vesle bygda skal få avgjera korleis kommunegrensene skal sjå ut. Likevel opplyser han om at fleire av politikarane i kommunestyret har sagt at dei vil følgja folkerøystinga.

– Det er kommunestyret som bestemmer kva innstillinga blir, men me står fast ved det me har sagt tidlegare. Me meiner at heile kommunen burde vore med på denne folkerøystinga, seier han.

Til slutt er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet som bestemmer kven som blir den heldige eigaren av Preikestolen.

Nye grenser

Krangelen starta i fjor

Det var i fjor den tidlegare Forsand-ordførar Fridtjov Thorsen Norland tok initiativ til at området på nordsida av Lysefjorden skal delast frå Nye Sandnes kommune, og bli ein del av Strand kommune.

Saman med andre søkte han fylkesmannen i Rogaland om grenseendring.

– Det er heilt unaturleg for oss å bli ein del av Sandnes kommune, så lenge me ligge tett opp til Strand kommune, sa han til NRK tidlegare i år.

I dag er han glad for resultatet i folkerøystinga. At Forsand-ordføraren ikkje trur at folkerøystinga blir utslagsgjevande tar han med ro.

– Om det blir utslagsgjevande eller ikkje får me venta å sjå. Eg vil ikkje tippa. Eg forventar uansett at det vil bli lagt vekt på, for viss ikkje har det jo berre vore eit spel for galleriet, seier Thorsen Nodland.

– Det handlar om folka

Over 250.000 personar tar turen opp til Preikestolen kvart år, og den er ein solid turistmaskin. Trass dette så handlar ikkje grensesaka om Preikestolen for dei som ikkje vil inn i Sandnes.

Det viktigaste er ifølgje Thorsen Nodland endringar i infrastrukturen. Den nye Ryfast-tunnelen frå Stavanger til Solbakk, samt mogleg nedlegging av ferja over Høgsfjorden, gjer at innbyggjarane i Kolabygda må køyra gjennom fleire kommunar for å koma til Sandnes by.

–For oss spelar ikkje Preikestolen noka rolle. Det er folka me tenker på, seier han.