Hopp til innhold

Ordføraren ba innbyggjarane om råd om den venta folkeauken i Strand

Folketalet i Strand kommune kan bli tredobla på 35 år. – Vil me ha så mange fleire så raskt, og kva konsekvensar får det for kommunen? Det var spørsmåla ordførar Helge Steinsvåg (Ap) ville ha svar på på folkemøtet på Jørpeland torsdag kveld.

Folkemøte i Strand

SNAKKA MED INNBYGGJARANE: Ordførar i Strand, Helge Steinsvåg, fekk mange innspel frå innbyggjarane i Strand kommune på folkemøtet torsdag kveld.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Strandabuene strøymde til det opne folkemøtet på Jørpeland torsdag kveld for å diskutera folkeauken som er venta etter at Ryfast står ferdig. Det kan bli tre gonger så mange innbyggjarar i kommunen når fastlandsforbindelsen er på plass, men ingen veit korleis veksten vil påverka kommunen.

– Viktigaste folkemøtet på mange tiår

– Dette er kanskje det viktigaste møtet me har hatt på mange tiår når det gjeld involvering av innbyggjarar i Strand kommune. Me utfordrar dei til å koma med tilbakemeldingar på kva kvalitetar som er viktige i vårt lokalsamfunn. Så skal det bearbeidast etterpå til ulike framtidsbilete på korleis Strand kommune kan utvikla seg i åra som kjem, seier ordførar Helge Steinsvåg (Ap).

Ryfast skal etter planen stå ferdig i 2018–2019. Den dagen vegen opnar, vil det få store konsekvensar for kommunen.

– Veksten kan bli på 17 0000 personar i yrkesaktiv gruppe, det er ganske mykje, seier Svein Haugberg i Asplan Viak, som i januar la fram sine spådomar om effekten Ryfast vil ha.

Dersom maksprognosen deira slår til, vil folketalet i Strand tredoblast fram mot 2050.

Ryfast-trase
Foto: Statens vegvesen

– Då er spørsmålet: ønskjer me det? Eller ønskjer me å styra utviklinga der me har ein lågare folkeauke, både ut ifrå økonomiske omsyn for kommunen sin del, men også i forhold til det me klarer å definera av dei viktige kvalitetane i samfunnet vårt. Er det nokon av dei kvalitetane som vil minska eller bli vekke dersom me skulle veksa så fort? spør Steinsvåg.

– Min visjon for 2050 er at strandasamfunnet har klart å forsterka dei kvalitetane me ser i dag og som gjer at det er godt for oss å bu her, som familieliv og det å bli gamal her, seier ordføraren.

– Må ha eitt sentrum

Og innbyggjarane hadde mange meiningar om befolkningsauken.

– Eg er ikkje uroa for befolkningsauken. I 2050 vil det vera ein kommune med om lag 45 000 innbyggjarar, det kjem blant anna av at me blir slått saman med Forsand og Hjelmeland, og at me har ein vekst i denne perioden på mellom 2,5 og 3 prosent, seier Jan Langvik.

– Me må utvikla slik at det blir eitt sentrum. Det går ikkje an å klara seg med mange små sentrum, så eg trur at me må konsentrera oss om eitt sentrum og at det skal vera lett å koma seg dit, seier Anne Karin Knutsen.

– Og så må me passa på naturen og turmoglegheitene. Jørpelandsholmen må bli eit nærområde for å gå tur, og like eins Mølleparken på Tau. Det er so viktig å ta vare på moglegheitene.