Vídir Sigurdsson er sportsredaktør i den islandske avisa Morgunbladid.
Foto: Rósa Braga / Morgunblaðið/Rósa BragaTorsdag banka islandske Björn Danìel Sverrisson inn det som kan bli årets beste scoring i eliteserien. På brassespark sørga han for 2–1 siger til Viking borte mot Aalesund.
For sportsredaksjonen i Island si største nett- og laussalsavis, Morgunbladid, var det sjølvsagt at dei måtte skriva om prestasjonen, og etter kort tid viste det seg at interessa var stor for den spektakulære scoringa.
– Ut frå tala eg har tilgang på kan eg sjå at det er svært mange som har vore inne på sidene våre for å sjå scoringa til Sverrisson. Artikkelen har også blitt delt ein god del på sosiale medium, seier sportsredaktør i avisa, Vidir Sigurdsson.
- Les òg:
- Les òg:
Ser kampar på nett
Island har i alt 13 spelarar i den norske eliteserien. Fem av dei spelar i Viking og er i storform. Islandske media og fotballinteresserte følger godt med på kva som skjer i eliteserien.
– Gode islandske prestasjonar gjer at mange her er interesserte i norsk fotball. Det er lange tradisjonar for islandske spelarar i Norge, så interessa har bygd seg opp over tid, derfor er mange som følger med, seier sportsredaktøren.
Kampar får folk med seg på internett, og nyheiter frå eliteserien kjem både i papirutgåvene og nettutgåvene av avisene.
– Finst det ein eigen Viking-fan klubb på Island nå?
– Det er nok folk som held med Viking i kretsane til Viking-spelarane, men så vidt eg veit er det framleis ingen offisiell suporterklubb for Viking, seier han og ler.
Passar godt inn
Sigurdsson meiner at ein av grunnane til at islendarar får det godt til i norsk fotball er at det går greitt for dei å tilpassa seg i Norge.
– Islandske spelarar finn seg godt til rette over alt, men Norge ser ut til å vera det beste steget for fotballspelarane her. Steget til England eller Tyskland kan bli for stort, men i Norge er det passe, seier han.
Redaktøren meiner at Viking sine spelarar alle er svært gode spelarar, og det er slett ikkje sikkert at dei får halda på dei.
– Dei tre yngste spelarane (Jon Dadi Bödvarsson, Bjørn Daniel Sverrisson og Sverrir Ingi Ingason) er alle svært lovande, men spesielt Bjørn Daniel, som blei årets spelar her i fjor. Dei har alle moglegheita til å koma seg vidare i karrieren si. Steinthor har meir rutine, og det var litt overraskande då han blei proff i Norge for nokre år sidan. Indridi har vore lenge i Norge, og er etter mi meining ein av dei beste forsvarsspelarane i eliteserien, seier Sigurdsson.