Hopp til innhold

Kjøper opplevingar til jul

Fleire ønsker seg opplevingar til jul framfor harde pakkar. Salet av kinogåvekort har auka markant dei siste åra.

NEW YORK

REISER: Å kjøpa reiser til jul er populært, ifølge Virke Faghandel. Her er eit bilete av Brooklyn Bridge i New York.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters Creative

– I alle fall dersom me skal tru prognosane til Hovudorganisasjonen Virke.

– For eksempel har gåvekort på reiser gjort eit kraftig hopp med 20 prosent auke frå i fjor, seier Ingrid Thinn Bjerke, direktør i Virke Faghandel.

Konsertbillettar og gåvekort på kino og teater er andre opplevingar folk gjerne gir til jul, fortel Bjerke.

– I tillegg er det ein aukande trend at nordmenn gir kvarandre tenester til jul, sjølv om dette ikkje er like lett å pakka inn og legga inn under juletreet.

Merkar trenden

Ingrid Thinn Bjerke

Ingrid Thinn Bjerke.

Foto: Virke

Finn Vigleik Lothe ved Lothes Mat og Vinhus i Haugesund merkar trenden med at folk gir kvarandre opplevingar til jul.

– Det kan vera matkurs, vinkurs og livsstilsendringskurs, seier han.

Kinosjef Frode Nilsen i Stavanger og Sandnes seier det har vore ei markant auke i salet av gåvekort.

– Dei siste to-tre vekene før jul sel me for 2,5 millionar kroner berre i gåvekort, seier han.

At opplevingar sel godt før jul merkar òg kunst- og kulturhussjef i Sandnes, Anders Netland.

– Dette er noko som kjem meir og meir og er ein betydeleg del av vår årsomsetnad.

Godt alternativ

Forventa omsetnad i detaljhandelen i Rogaland i desember er på drygt 4,6 milliardar kroner.

Kor mykje som går til opplevingar under treet er for tidleg og seia, men at trenden held seg er sikkert, ifølge Ingrid Thinn Bjerke i Virke Faghandel.

– Folk har i stor grad det dei treng. Då kan det å gi ei oppleving og eit minne vera eit godt alternativ, seier ho.