NRK Meny
Normal

Folk gjekk i kø til Preikestolen

Italienarar, franskmenn, tyskarar og nordmenn. Folk har gått i kø til Preikestolen i sommarvarmen.

Ifølge resepsjonen på fjellstova på Preikestolen har torsdag 14. juli vore den dagen med flest turistar denne sesongen.

Sjå video: På sykkel ut i Kjerag-stupet

Fulle parkeringsplassar

At begge parkeringsplassane ved turistmålet i Lysefjorden har vore stappfulle i dag, vitnar også om godt besøk.

– Når det er sol og fint vêr som i dag er det ekstra mange gjester. Folk kjem frå alle kantar av verda, seier parkeringsvakt Sander Nag.

Det betyr fort parkeringskaos i området ved fjellstova.

– Det er fort gjort at nokre parkerer nedover langs vegen. Dersom folk ikkje parkerer godt nok ut av vegen, får bussane trøbbel, seier Nag.

Les også: Beinbrudd-rekord på Preikestolen

Travelt for bussjåførane

Og det har vore ein travel dag for bussjåførane også. Han eine sjåføren NRK snakka med sa at denne torsdagen i midten av juli har vore ein av dagane med flest passasjerar i år.

Ein av mange som har spasert til Preikestolplatået i dag, er Tor Allan Simonsen.

– Det har vore ein kjempedag. Eg trur ikkje me kunne valt ein betre dag enn denne, seier han.

Omlag 130.000 personar besøkte Preikestolen frå mai til august i 2009. I fjor blei det ny dagsrekord med 2.500 besøkande på eitt døgn.

Nøyaktig kor mange som tok turen i dag, er uvisst. Men at det var mange er det liten tvil om.