Hopp til innhold

Folk blir evakuert etter gasslekkasje i Sola kommune

Gassen er giftig og tar lett fyr. Politiet ber folk halda seg vekke frå området.

Politiet stanser trafikk på grunn av gasslekkasje

Politiet stoppar trafikk på grunn av gasslekkasje

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me har sendt ut sms-varsel til 1500 registrerte brukarar om evakuering. Til dei næraste husa har me gått dør til dør, opplyser John Helle ved Rogaland brann og redning.

Per no er 65 personar evakuert.

To arbeidarar som var på staden då lekkasjen oppstod, er sendt til sjukehuset på sjekk etter å ha fått i seg gassen.

Ulukka skal ha skjedd i forbindelse med vegarbeid i området ved Prestegårdsveg i Sola kommune.

– Ei maskin kom i skade for å kutta ein gassleidning, opplyser politiet.

Politi og brannvesen jobbar no med å sikra området. Fylkesveg 509 er stengt ved Sola Sjø, melder vegtrafikksentralen.

Hovudleidning

– Det er enno arbeid på staden. Leidningen som er kutta er hovudleidningen som går til husstandar og bedrifter, seier Helen Rygg Ims, ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.

Gasslekkasje på Sola

Politiet har sperra vegen etter gasslekkasje.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Gassleidningen fraktar metangass og tilhøyrer energiselskapet Lyse.

Informasjonssjef i Lyse, Ingvild Ween, seier at dei jobbar intenst med å stenga ventilar som skal isolera gasslekkasjen.

– Me stenger ventilane på kvar side av skaden, seier Ween.

Dei veit ikkje kor lang tid arbeidet tar. Men dei skal ha kontroll på situasjonen.

– Lekkasjen er snart stoppa.

Gasslekkasjen skjedde i eit såkalla mellomtrykksnett. Det er sommardrift i dette gassnettet no, opplyser Lyse.

Det betyr at det er eit lågare trykk enn normalt og mindre gass i røyra.

Victor Jensen i Sør-Vest politidistrikt trur folk kan returnera heim om nokre timar.

– Me sjekkar fortløpande kor mykje gass det er i området, og når det er trygt skal dei få komma heim.

Klokka 20:56 melder politet at folk får komma heim.