NRK Meny

FØLGDE OPP BRANNKRAV:

Huseigaren av Verksgata 31, Odd-Sven Kristoffersen, følgde opp pålegget han fekk frå brannvesenet i 2012, skriv Stavanger Aftenblad. Onsdag blei bygarden øydelagt i brann, og det blei meldt om at eigaren hadde fått eit pålegg frå brannvesenet etter ein umeld inspeksjon i 2012. Dokument frå brannvesenet syner at Kristoffersen ordna opp i branntryggleiken etter inspeksjonen.