Hopp til innhold

Følg Nordsjørittet direkte frå klokka 10.30

Meteorologane lovar mykje betre vêr i år enn i fjor under Nordsjørittet. Om du likevel vil vera innandørs kan du følgja rittet direkte med NRK.no frå klokka 10.30 til klokka 19.00.

Video Nordsjørittet 2011

Direktesendinga startar laurdag klokka 10.30. Du kan sjå den her på nrk.no eller på Rogaland 24.

Årets første deltakarar la ut på den 91 kilometer lange sykkelturen frå Egersund til Sandnes allereie klokka 07.30 laurdag morgon.

Eit par timar seinare var det Ragnhild Svendsbø frå Sandnes sin tur. Ho deltek i rittet for sjette gong, og er langt meir håpefull i år enn ho var i fjor.

Startskudd for Nordsjørittet

Inger Britt Time og Ragnhild Svendsbø er klare for start.

Foto: Per Svein Reed / Nordsjørittet

I fjor var vêret nemleg så dårleg at 1500 ikkje stilte til start.

– I dag er det perfekt sykkelvêr. Overskya, lett vind og god temperatur. Forholda er svært gode, og eg har tru på at det blir ein strålande tur, seier ho like før start.

12.000 påmelde

Dette er godt nytt for leiaren for Nordsjørittet Eli Orre, og alle 12.000 som har meldt seg på Norges nest største sykkelritt.

I mykje betre vêr går startskotet for Nordsjørittet 2011 klokka 07.30 laurdag morgon. Etter dette startar dei ulike puljene med jamne mellomrom. Det ni mil lange rittet går frå Egersund til Sandnes.

Orre har hatt travle dagar fram mot laurdag, og heilt på tampen fekk ho uventa problem (sjå video).

Video: Eli Orre i full fart

Video Eli Orre i full fart

Eli Orre må ha alt på plass før rittet.

God sak og hard kamp

NRK-kjendis Jon Almaas og rockestjerne Jan Ove Ottesen skal leia kvar si pulje som syklar for ein god sak.

Trass at det er ein god sak vil konkurransen mellom dei gruppene vera svært hard:

– Eg har løypt maraton, seld ut Oslo Spektrum, spelt fotball på landslagsnivå og hatt konsertar over heile verda. Det er ingenting å sei på forma, seier Ottesen til NRK.no.

Janove Ottesen

Jan Ove Ottesen er med for første gong.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Klar som eit egg

Det er første gong Ottesen blir med i rittet. Andre er nærmast som veteranar å rekna:

– Eg gler meg til i morgon, det er sjette gong eg syklar og det er stort å vera med på dette, seier Helmer Berre som er prosjektleiar for Sykkelløftet i Stavanger-regionen.

Han meiner Nordsjørittet er med på å bidra til at langt fleire nyttar seg av sykkel også i det daglege.

– Ein blir heilt vill etter å sykla, seier han og gler seg til startskotet.

Slik var Nordsjørittet 2010: