Lamma er slopne ut på beitet

I fem veker har NRK sendt direkte frå eit sauehus på Randaberg der 120 sauer snart har fått meir enn 200 lam. Noko mellom anna fleire tyske aviser fått med seg.

I fem veker har NRK sendt direkte frå eit sauehus på Randaberg der 120 sauer snart har fått meir enn 200 lam. Noko mellom anna fleire tyske aviser fått med seg.

VIDEO: Lamma på garden til Kjell Ove Viste på Randaberg er slopne ut på beitet.

Tida me er inne i, er den travlaste i året for sauebønder. I løpet av våren vil det bli født om lag 1,5 millionar lam i Norge. Rundt 300.000 av dei kjem i sauefylket Rogaland, medan om lag 200 av dei kjem i sauefjøset til bonden Kjell Ove Viste på Randaberg.

NRK Rogaland sender minutt for minutt frå sauehuset til Viste, for at så mange som mogleg skal få ta del i vårens vakraste eventyr. Så langt har det kome om lag 40 lam til verda på direktesendinga, og NRK har fått fleire tilbakemeldingar frå folk som finn det behageleg å sjå på lemme-TV.

«Calming effect»

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

– Flott at interessa er stor

Fleire tusen har vore inne og sett på, og mykje truleg kjem nokre av dei frå Tyskland, for i påsken var det fleire av dei største avisene i landet, som skreiv om prosjektet.

– Slow-TV frå Norge: Sau under lamming, er overskriftene i fleire av avisene.

I tillegg har Lemme-TV fått omtale i det tyske radioprogrammet «Funkhaus Europa» på kanalen ARD.

Bonde Kjell Ove Viste har ein medhjelpar frå Tyskland som gjorde han merksam på den tyske interessa.

– Eg fekk tilsendt eit bilete av ei tysk avis på MMS der namnet mitt stod. Det er veldig flott at interessa er så stor, seier Viste.

Tyske aviser om lemme-TV

Dette er eit lite utval av tyske aviser som har skrive om NRK Rogaland sitt prosjekt.

Foto: Skjermdump

Fire lam på ti minutt

Og sjølv om sendinga nå har gått sidan før påsken byrja, har ikkje NRK Rogaland tenkt å gi seg før langt fleire lam er ute. Det er truleg meir enn 150 lam att.

... og dersom du synest det går lenge mellom lammingane, kan du kosa deg med klippet nedanfor frå tysdag 29. mars då det kom fire lam på ti minutt.

Dersom du synest det går lenge mellom lemmingane, kan du her kosa deg med fire lam som kom i løpet av 11 minutt.

Her kan du sjå dei ti minutta det har skjedd mest på NRK Rogaland si Lamming direkte-sending.

– Litt ekkelt med alt blodet

Ei av dei som er med på å ta imot lamma, er Malin Viste (10), som går i fjerde klasse. Ho seier at påsken og våren er ei heilt spesiell tid for dei som bur på gard med sauer.

– Det er fantastisk når lamminga står på. Litt ekkelt er det jo med alt blodet, men det er likevel kjekt å sjå nye ting som kjem til verda, seier ho.

Det er likevel pappa Kjell Ove Viste som er mest involvert i lamminga. Når lamminga står på, er det døgndrift fortel han.

– Du jobbar dag og natt. Så når det er over, har du aller mest lyst å legga seg, seier han.

Sjå bilete frå lamminga så langt

Gå til forsiden

Lemminga på Randaberg

Nye lam på Randaberg

Lemminga på Randaberg

16 bilder

    Vårens vakraste eventyr

    – Kva får folk som ser på direktesendinga med seg?

    – Folk får først og fremst sjå fleire lam som kjem til verda, men dei får kanskje også sjå ting som ikkje er like kjekt. Ein liten promille av lamma døyr under fødselen, men det er slik det er.

    – Er dette likevel vårens vakraste eventyr?

    – Ja, eg synst det. Det er heilt fantastisk, slår Kjell Ove Viste fast.

    Dei første lamma som kom

    Påsketida er den travlaste i året for sauebønder. NRK sender minutt for minutt frå eit sauefjøs i Randaberg, der 120 sauer skal få meir enn 200 lam dei neste vekene.

    FØRST UT: Her kan du sjå dei fire lamma som kom måndag 21. mars.

    Tidlegare TV-innslag frå lamminga:

    Video Lemminga i full gang

    2011: Lamming på Østhusvik i Rennesøy. (Foto: Eirik Gjesdal)

    Video LEMMING-300310-RO-192110-SI_RO.mp4

    2010: Bonden Ole Andreas Byrkjedal har rigga seg til med seng i sauehuset. (Foto: Mathias Oppedal)