Hopp til innhold

Lånte 2,2 millionar til aksjar – meiner han blei rundlurt av banken

Finansklagenemda meiner rådgivinga til Hjelmeland Sparebank var uforsvarleg då Geir Opsal investerte i eit eigedomsfond i 2006. Banken nektar for å ha gjort noko feil. No avgjer tingretten.

Geir Opsal

Geir Opsal meiner han ikkje fekk god nok informasjon då han inngjekk avtale med Hjelmeland Sparebank om eit eigedomsfond i 2006. Dette tilbakeviser banken.

Foto: Magnus Stokka

– Hadde eg fått skikkeleg informasjon hadde eg tenkt meg om både ein og to gonger før eg gjekk inn i dette, seier Opsal.

Det heile starta ein dag i september 2006 då Hjelmeland Sparebank hadde eit møte heime hos Opsal på øya Fogn i Finnøy kommune i Ryfylke.

I løpet av 15-20 minutt hadde han lånt 2,2 millionar kroner for å investera i aksjar i eigedomsfondet Aberdeen Norden/Balticum ASA.

– Fondet skulle gå rett til himmels og eg trengde ikkje tenka på det. Det var orda banken brukte, forklarer Opsal.

– Ikkje god nok rådgiving

Kjell M. Brygfjeld

Advokaten til Geir Opsal, Kjell M. Brygfjeld.

Foto: Magnus Stokka

Men slik gjekk det ikkje. Opsal har, ifølge seg sjølv, tapt størstedelen av beløpet og Finansklagenemda har slått fast at banken si rådgiving var uforsvarleg.

Men banken følgde ikkje nemndas vedtak. Denne veka har saka vore oppe i Stavanger tingrett, og nå ventar partane på dommen.

Advokaten til Opsal, Kjell M. Brygfjeld, er sterkt kritisk til måten banken handla på.

– Opsal blei involvert i eit komplisert investeringsprodukt. Rådgivinga var ikkje god nok, og måten salet blei gjennomført på er sterkt kritikkverdig, meiner han.

Advokaten for Hjelmeland Sparebank, Kyrre Eggen, seier banken er av ei anna oppfatning.

– Hjelmeland Sparebank meiner det ikkje blei feilinformert, at kunden hadde tid til å tenka seg om og at forholdet er forelda.

Færre lar seg freista

Kyrre Eggen

Advokaten for Hjelmeland Sparebank, Kyrre Eggen.

Foto: Jo Michael de Figureido

Fagdirektør Jorge B. Jensen i Forbrukarrådet vitna i saka mot Hjelmeland Sparebank i retten. Også han er kritisk til råda banken gav.

Men generelt er han glad for at færre lar seg freista av eigedomsfond og strukturerte spareprodukt enn på midten av 2000-talet.

– I dag blir dette nesten ikkje selt. Ein av grunnane er at forbrukarane er vettskremt frå kompliserte investeringsprodukt. I dag er det enkle fond som gjeld og det trur eg er det beste for samfunnet.

– Tenk deg om

Jorge B. Jensen

Fagdirektør Jorge B. Jensen i Forbrukarrådet.

Foto: Kjell Håkon K. Larsen

I år har Forbrukarrådet hjelpt til i 14 saker med småspararar her til lands. Advokat Brygfjeld meiner det er naturleg at det blir færre slike saker i rettsapparatet.

– Dei fleste av feila blei gjort tidleg på 2000-talet, i ei tid der det var populært og kanskje fornuftig å investere i slike produkt.

Geir Opsal, som tapte på sine fondsinvesteringar, håpar nå han vinn fram med saka si. Han rår folk til å vera forsiktige med usikre spareprodukt.

– Tenk deg godt om og søk hjelp hos dei som kan dette, elles kan det kosta deg dyrt.