Hopp til innhold

Vulkan-oska stoppar flytrafikken frå Stavanger til Island

Flyet som skulle gått frå Stavanger Lufthavn Sola søndag ettermiddag er innstilt. Avgangen på tysdag står også i fare, ifølge Avinor.

Vulkanutbrot på Island

Oska frå vulkanen på Island rammar også flytrafikken frå Sola.

Foto: Scanpix

Island har stengt heile luftrommet sitt for flytrafikk på grunn av oska frå vulkanutbrotet laurdag kveld. Dette rammar naturleg nok flytrafikken til og frå Rogaland.

Avgangen tysdag i fare

Ruteflyet som går frå Reykjavik til flyplassen på Sola, gjekk som vanleg frå Island på søndag - og landa i ettermiddag på Sola. Men returen til Island, som skulle gått klokka 14.40 med Icelandair, blei innstilt.

Stig Jone Nevland

Stig Jone Nevland, Avinor.

Foto: Ragnar Christensen / NRK

– Neste avgang til Island frå Sola er på tysdag. Også denne står i fare, seier sjef for lufthamnoperative teneseter hos Avinor på Stavanger Lufthavn Sola, Stig Jone Nevland.

Les ogås: Oskeskya kan nå Noreg tysdag

– Endrar seg fort

Han understrekar likevel at situasjonen er uavklart og at mykje kan endra seg dei næraste dagane.

– Ting endrar seg fort, så folk får berre følgja med på kva som skjer, seier han.

– Ikkje som i fjor

Nevland hugsar godt kaoset i flytrafikken i fjor, då oske frå vulkanen Eyjafjallajökull lamma fytrafikken i heile Norge.

– Eg håpar og trur at det ikkje blir like kaotisk denne gongen. Eg har aldri vore med på noko liknande enn det eg opplevde i fjor, seier han.

Video Vulkanutbrudd på Island

Vulkanutbrudd på Island.