Hopp til innhold

Flyplassen på Karmøy måtte betala millionbeløp tilbake til staten

Haugesund lufthavn, Karmøy har betalt tilbake nær 12 millionar kroner til staten i haust. Dette var eit for høgt beløp som flyplassen fekk i støtte frå staten under koronapandemien, skriv Haugesunds avis. – Me fekk for mykje pengar frå staten fordi trafikken held seg høgare enn frykta i koronaperioden seier Martin Laurhammer, styreleiar i Lufthavndrift AS. Flyplassen har visst om kravet om tilbakebetaling lenge og betalte innan fristen, seier Laurhammer.

Ventetelt
Foto: Tor André Johannessen