Hopp til innhold

Flyplassen fekk ikkje ulovleg statsstøtte

EFTA legg vekk saka om ulovleg statsstøtte til Haugesund lufthamn. Dermed mistar ikkje flyplassen utanlandstrafikken.

Haugesund Lufthavn, Karmøy

Haugesund-ordførar Petter Steen er svært glad for at EFTA legg vekk saka om ulovleg statsstøtte til Haugesund lufthamn.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Det er klart etter at EFTAs overvakingsorgan ESA nå har avslutta ei forundersøking av saka.

– Forundersøkinga gav ikkje grunn til å gå vidare med ei meir intensiv og formell gransking av saka, seier ESA-direktør Gjermund Mathisen til NRK.

Haugesund lufthamn kunne mista utanlandstrafikken om EFTA hadde kome fram til at flyplassen hadde fått ulovleg statsstøtte.

Lovleg avtale

Det var avtalen Lufthavnutbygging AS har med Avinor om Haugesund lufthamn som blei undersøkt av ESA.

Avtalen går ut på at Lufthavnutbygging får ein gitt del av parkerings- og taxfreeinntektene ved Haugesund lufthamn Karmøy.

Desse pengane blir igjen brukte til marknadstiltak for å auka passasjertrafikken. Bakgrunnen for avtalen er at det lokale næringslivet gjennom Lufthavnutbygging AS tidleg på 2000-talet finansierte ei forlenging av rullebana på flyplassen med 400 meter.

Glad ordførar

Ordførar i Haugesund, Petter Steen, er svært glad for at EFTA nå legg vekk saka. Han har tidlegare sagt at han er trygg på at avtalen er lovleg.

– Eg er veldig glad for at dette nå er ute av verda. Dette gjer jobben med å få på plass ei driftsform frå 2018 mykje enklare.

– Kva betyr det at ein unngår å mista utanlandstrafikken frå Haugesund lufthamn?

– Eit godt rutetilbod til og frå fleire utanlandsdestinasjonar betyr enormt mykje både for reiselivet og næringslivet elles. Dessutan gjer det oss til ein attraktiv region for unge menneske som vil etablera seg, seier ein glad ordførar.

Også stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H) gler seg over avgjerda til EFTA.

– Dette var ei viktig avklaring sjølv om eg heile vegen var sikker på at dette blei resultatet. Nå gjeld det å trykka på for å sikra framleis drift av utanlandsrutene etter 2018. Her må samferdselsministeren bruka handlekrafta si og hjelpa oss med det, skriv Stensland i ein e-post til NRK.