Avtala mellom Ryanair og Lufthavnutvikling Vest-Norge vert presentert på samtidige pressekonferanser i London og Haugesund kl.11 i dag.
Karmøyordførar Kjell Arvid Svendsen er styreformann i Lufthavnutvikling Vest-Norge og dei har lenge forhandla med Ryanair om billigrute til Stanstead ved London.
For kort rullebane
Problemet har tidlegare vore at rullebanen på Karmøy er for kort og at den måtte forlengast før det blei aktuelt for Ryanair å velga Haugesund som sin nye destinasjon i Norge.
Men no har dei altså bestemt seg for Karmøy likevel og det er ikkje lenger avgjerande at flyplassen blir forlenga før oppstart.
Selskapet har nemleg fly som kan klare seg med den 1600 meter lange rullebanen.
Billigturar
Det irske billigselskapet vil i periodar lokka med turar til ned til 99 kroner kvar veg.
Standardprisen ein veg mellom Karmøy og London vert 790 kroner.
Alt i løpet av dagen skal det gå an å bestille billettar på Ryan Air sine internettsider.
Lyd og video
- LYD: Ryanair startar daglege flygingar Karmøy - London - Reporter: Gisle Jørgensen (Windows Media 04:16)
- VIDEO: Billig fly fra Karmøy til London - Av Sigmund Hansen og A.G. Olsen (Windows Media 2'00)
- VIDEO: SAS frykter ikke konkurransen fra Ryan Air - Av Magne Frafjord og B.O. Skjæveland (Windows Media 1.50)