Hopp til innhold

Årets første søndagstur i sol og iskald vind

Den første søndagen i 2016 starta vêrmessig heilt strålande mange plassar i Rogaland, trass ein del vind. Den komande veka blir også kald og fin.

Søndagstur på Solastranden
Foto: Anders Fehn / NRK

Trass OBS-varsel om storm og kraftige vindkast, første søndagen i 2016 kunne knapt vore flottare i låglandet i Rogaland.

Men mange plassar bles det friskt, også på søndag.

– På Eigerøya bles det liten storm. Den held fram utover dagen, men minkar etter kvart. Lenger nord i Rogaland bles det mindre, men på fjellet er det framleis ein del vind, fortel vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Martin Granerød.

Også laurdag blei det registeret liten storm på Eigerøya utanfor Egersund, mens det i Røldalsfjella blei målt orkan styrke.

Den komande veka skal vinden minka, men det kan framleis vera kraftig vind sør for Boknafjorden, ifølge statsmeteorologen.

Elles blir det minusgrader stort sett heile den første veka i 2016.

– Det blir ei veke med kaldt vêr. For det meste blir det opphaldsvêr, men det er ein bitte liten sjanse for snø på tysdag, fortel Granerød.