Flinke til å halde avstand

Folk har vore flinke til å overhalde smittevernreglane i Stavanger sentrum fredag og laurdag kveld, ifølge skjenkekontrollen.

– Det har gått over all forventning. Utestadene har vore veldig flinke til å følgje med på at folk held avstand, seier leder for skjenkekontrollen Sverre Skårland.

Han seier at det var færre personar på byen denne helga, samanlikna med tidlegare helger.

– Eg trur folk har vore litt redde for å gå ut nå på grunn av smitten som har hatt ei oppblomstring.

Sverre Skårland, skjenkekontrollen i Stavanger
Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

Flere nyheter fra Rogaland