Flest politistillingar til Sør-Vest

Sør-Vest politidistrikt får tildelt 42 nye politiårsverk i 2017. Det skriv Politiforum. Vårt politidistrikt får dermed flest av dei 350 nye politiårsverka. Nedst på lista er Oslo politidistrikt. Årsaka til endringa i fordeling av politiårsverk er at gjennomføringa av politireforma krev særskilt omfordeling av årsverk i enkelte distrikt.