Hopp til innhold

Flest plassar til laga som fullførte i motvinden

Nordsjørittet premierer laga som fekk flest syklistar over målstreken i fjor.

Nordsjørittet 2010

Mykje regn, endå meir vind. Slik blir Nordsjørittet 2010 hugsa.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Nordsjørittet i fjor blir hugsa som ein ni mil lang kamp mot regn og sterk vind. 2000 deltakarar trekte seg før start, 1000 fullførte aldri den strabasiøse sykkelturen frå Egersund til Sandnes.

Ny regel for framtida

Eli Orre, daglig leder i Nordsjørittet

Dagleg leiar for Nordsjørittet, Eli Orre.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Men dei mest viljesterke laga får nå igjen for å ha fullført landets nest største sykkelritt. Laurdag skal omlag 7000 av totalt 12000 plassar til årets ritt fordelast.

– Laga med høgast gjennomføringsprosent får fleire plassar i år. Den regelen vil me truleg halda fram med dei neste åra også, seier dagleg leiar for Nordsjørittet, Eli Orre.

Plass til halvparten

Orre seier alle laga får vera med i det populære sykkelrittet 11. juni i år. Likevel er det ikkje plass til meir enn halvparten av syklistane som er meldt inn.

– Me har dessverre ikkje plass til alle. Siste frist er den offisielle påmeldinga 1. februar, så det er framleis eit håp for dei som ennå ikkje har fått plass.

Video Nordsjørittet

Slik var Nordsjørittet i fjor. Sjå video her.