NRK Meny
Normal

Flest drepne i trafikken i Rogaland

15 menneske mista livet i trafikken i Rogaland i 2016. Det er sju fleire enn i 2015, og flest i landet.

Trafikkulykke E18 ved Fosskolltunnelen

18 fleire vart drepne norske vegar i 2016, enn i 2015.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

135 menneske mista livet på norske vegar i 2016. Det er 18 fleire enn i 2015. 117 av dei omkomne var menn og 18 kvinner.

Åtte har mista livet i desember-trafikken i år mot ti i fjor. Ein person mista livet i juletrafikken, viser foreløpige tal frå Statens vegvesen.

Auke i talet på drepne i Rogaland

Flest dødsulykke i 2016 var det i Rogaland, med 15 omkomne. Det er sju fleire enn i 2015.

Etter Rogaland kjem Buskerud (14) og Akershus (12), mens Aust-Agder (2), Oslo (4), Telemark (4), Sogn og Fjordane (4) og Troms (4) har hatt færrast.

Terje Moe Gustavsen

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Foto: Astri Husø/NRK

– Dette er nedslåande. Sjølv om tendensen over tid er at det er stadig tryggare på vegane, er dette langt meir enn tal og statistikk. Bak kvar einaste ulykke er det ein tragedie som rammer familie, venner, kollegaer og lokalsamfunn, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Flest menn mista livet

– Eit markant trekk i 2016 har vore ein overrepresentasjon av godt vaksne menn med for stor fart som fører til utforkøyringsulykke, seier han.

Kvar tredje omkomne var ein mann mellom 45 og 64. Dette er ei kraftig auke samanlikna med tidlegare år. Utforkøyringsulykke utgjer meir enn éin av tre dødsulykker, seier vegdirektøren.