Hopp til innhold

Her får Bjørn (71) koronavaksine: – Ville sjå korleis det gjekk for andre

4.264.921 nordmenn – 92,2 prosent – har fått ein eller fleire dosar koronavaksine. Kommunane gjer nå ein innsats for å nå dei siste åtte prosentane. Bjørn Gabrielsen var lenge blant dei.

Bjørn Gabrielsen

Bjørn Gabrielsen venta lenge med å ta koronavaksine. Tanken på at han kunne belaste sjukehuset viss han fekk korona, fekk han til å endre meining.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Eg var skeptisk. Du blir stukken i armen med eit nytt stoff som kjem frå ein eller annan fabrikk ein stad i Europa. Då har du lov å vere skeptisk. Men til slutt måtte eg, seier Bjørn Gabrielsen.

Torsdag fekk han sin andre dose koronavaksine i Sandnes, berre nokre få veker etter den første.

Før vaksinane torsdag blei sette var det 4.264.921 nordmenn eller 92,2 prosent av dei over 18 år som hadde tatt ein eller fleire dosar koronavaksine, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet (FHI, ekstern lenke).

Tenkte på sjukehusa

Det betyr likevel at nær 8 prosent av vaksne innbyggjarar i Noreg ikkje har fått. Sjølv om statsministeren sterkt oppmoda då han og resten av regjeringa innførte nye koronatiltak måndag.

Sjølv om ordførarar tryglar folk om å ta stikket. Og vil du inn i Sverige, må du ha vaksinesertifikat.

Meir enn halvparten av dei som hamnar på sjukehus fordi dei får korona, er ikkje vaksinerte.

Spesielt det siste har gjort inntrykk på Gabrielsen.

– Eg føler jo eg har vore litt treig, men eg ville vente og sjå korleis reaksjonane var for andre, seier han, som også etter kvart opplevde litt press frå andre i familien.

– Eg tenkte ein del på sjukehuset. Viss eg får korona, så kjem eg til å belaste sjukehuset meir enn nødvendig, seier han.

Mange får første dose nå

Irene Asheim Ivesdal frå helsestasjonen i Sandnes jobba med å vise folk veg under vaksineringa torsdag. Den dagen venta dei 200 som skulle få sin første dose.

Irene Asheim Ivesdal, helsestasjonssjef i Sandnes

Irene Asheim Ivesdal, helsestasjonssjef i Sandnes, hadde tatt på nisselue då ho skulle leie folk til vaksine i Sandnes. Dei venta fleire som skulle få sin andre eller tredje dose, og 200 som skulle få sin aller første.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Dei tar eit samfunnsansvar og beskyttar seg sjølv. Informasjonen om kven som blir lagde inn på sjukehus, tenker eg har verka inn, seier ho.

Koronavaksinering Sandnes

Frivillige frå sanitetsforeininga og Raudekrossen var medhjelparar under vaksineringa i Sandnes.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Ho trur fleire som ikkje har tatt vaksine, nå vil endre meining. Og alle som kjem, vil dei ta imot med opne armar.

– Ein skal ikkje føle skam.

Sist veke fekk nær 10.000 sin første dose koronavaksine i Noreg. FHI ser at fleire nå tar sitt første stikk. Dessutan er det fleire som har fått dose ein for ei tid tilbake, som nå tar dose to.

A Geir Bukholm, assisterende direktør ved Holkehelseinstituttet.

Geir Bukholm.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

– Det talet har vore betydeleg lågare i november, så vi har sett ein auke frå sist månad til desember, seier Geir Bukholm, smitteverndirektør i FHI.

Ros, ikkje kjeft

Tidlegare helseminister Bent Høie er nå statsforvaltar i Rogaland, eit fylke kor han meiner dei er godt i rute til å gi alle over 45 år dose tre før januar er halvvegs.

– Ein får ikkje kjeft viss ein kjem nå, men ros og takksemd, seier han.

Bent Høie

Bent Høie gjekk av som helseminister då Noreg fekk ei ny regjering tidlegare i haust. Nå er han statsforvaltar i Rogaland.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Han trur dei som enno ikkje har fått dose ein, har ulike forklaringar.

– Det er veldig få i Noreg som er aktive vaksinemotstandarar. Nokon er berre skeptiske, for andre er det praktiske årsaker og nokon er redde for sprøyter, seier han.

Fleire har tatt til orde for vaksineplikt også i Noreg, ikkje berre -tilbod, men det trur ikkje Høie på.

– At det er frivillig, gjer at Noreg er eit av landa i verda med høgast vaksinedekning. Viss vi går mot tvang, trur eg vi får dårlegare oppslutning om vaksinen. Ikkje berre denne, men alle dei andre viktige vaksinane vi tar i løpet av livet.

– Må kunne endre meining

Det var også bodskapen frå FHI-direktør Camilla Stoltenberg då ho snakka i Dagsrevyen onsdag kveld.

FHI direktør Camilla Stoltenberg

Camilla Stoltenberg.

Foto: Amalie Henden

Ho trur fleire som ikkje har tatt vaksine, nå kjem til å gjere det.

– Eg trur vi når betre fram fordi dei også opplever at dei er trua. Dei har mykje høgare risiko for å bli innlagde på sjukehus. Og smitta spreier seg så raskt at også risikoen for yngre vaksne blir synleg på ein heilt annan måte, seier ho.

20 minutt etter at sprøyta var sett, kunne Bjørn Gabrielsen i Sandnes halde fram med dagen.

Armen til Bjørn Gabrielsen

Bjørn Gabrielsen (71) er i ei gruppe kor han kunne fått vaksine for mange månader sidan, men fekk dose to først 16. desember. Han var skeptisk, og har forståing for dei som enno er det. – Det er ein million igjen. Eg kan forstå dei, seier han.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Nokon er litt treigare enn andre. Men vi må kunne snu i livet, endre meining, seier han.

– Det var veldig fint at du var her i dag, seier Irene Asheim Ivesdal.

– Takk for at eg fekk komme, seier han.