Forsand kommune forvaltar området, og fungerande rådmann Arnstein Løland seier spørsmål om helikopterlanding kjem stadig oftare.
Alt frå spektakulære bryllaup til kongressdeltakarar som ikkje vil bruke tid på å gå, ber om å få lande med helikopter. Preikestolen og etterkvart Kjerag er så kjende attraksjonar, at Forsand kommune får svært mange spørsmål om landingsløyve. Men svaret er i dei aller fleste tilfella nei.