Hopp til innhold

Fleire vil ha kjøt og pølser

Salsauke fører til utviding hos Fatland. Nå investerer dei 250 millionar kroner i nye anlegg i Ølen.

Fatland Ølen

Salsveksten til Fatland blir på minst 20 prosent i år, og med ein god haust passerer veksten truleg 25 prosent.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

– Me har hatt ein veldig god salsutvikling, både i daglegvareleddet og i industrileddet. Det gjev oss eit grunnlag for å kunne auka produksjon, investera i meir teknologi, og med det bli betre rusta for framtida, seier konserndirektør Leiv Malvin Knutsen

Salsveksten til Fatland blir på minst 20 prosent i år, og med ein god haust passerer veksten truleg 25 prosent.

– Må satsa for å bli med i framtida

Første byggjetrinn er allereie i gang, noko som vil auka slakt- og vidareforedlingskapasiteten kraftig. Byggjetrinn to vil effektivisera varehandteringa.

Utbygginga er naudsynt for å henga med i konkurransen om kundane, ifølgje konserndirektør Leiv Malvin Knutsen.

– Det er slik at anten må du satsa for å bli med inn i framtida, eller så er du i ferd med å tapa marknadsandelar, og då går du mot ei meir usikker framtid.

Fatland-konsernet omset for om lag 3,3 milliardar kroner i år, og er landets største privateigde slakteri. No blir familiekonsernet i Ølen drive av fjerde generasjon, med tre brør og eit søskenbarn som eigarar.

Køyrer att og fram med kjøt

Sjølv om Fatland har slakteri også på Austlandet, så sender konsernet om lag 80 trailerar fram og attende over fjellet via E134 kvar veke.

Det at Haukelivegen nå ser ut til å bli valt som ein av to hovudtrasear mellom Aust- og Vestlandet, har også vore viktig for investeringsavgjerda.

– Me kunne ikkje ha investert dersom me ikkje hadde tru på framtida. Eit viktig element i dette er dei signala me har fått om at E134 ska rustast opp og bli ein vintersikker veg.

Så kommunikasjonen mellom aust og vest er viktig for dykk?

– Kolossalt viktig. Det er på Austlandet og vidare til Trøndelag at tyngda av befolkning er, og det er her tyngda av varer går.