Hopp til innhold

«Alice i eventyrland»-puslespel er 180 brukardosar med LSD

Politiet i Stavanger tar ungdomar heilt ned i starten av tenåra for bruk av det psykedeliske stoffet LSD.

LSD

Puslespelbitane, eller «frimerka» innheld LSD, og gir derfor ein narkotikarus om du puttar dei i munnen.

Foto: politiet

  • Saka er oppdatert fredag 23. november med svar frå Unge Høgre-politikar Kristoffer Bjordal.

– Dette beslaget gjorde me nyleg denne månaden hos ein 17-åring. Det ser ut som eit «Alice in Wonderland»-puslespel, men det er 180 brukardosar med LSD, seier Kathrine Sæland Rotseth, leiar for førebyggande avsnitt i politiet i Stavanger.

– Ser uskyldig ut, men er livsfarleg

På Facebook-sida «Politiets nettpatrulje – Sør-vest» åtvarar politiet mot desse illegale stoffa:

«LSD har ein svært kraftig verknad. Dosane er små, ofte dryppet på papirbitar eller plastbitar med spesielle motiv. Når ein tar dette mister ein realitetsbildet, føler seg i transe og utanfor sin egen kropp. Man får illusjonar som kan gå over i hallusinasjonar, som kan framkalle vrangforestillinger, angst og panikkanfall».

Beslaget er del av ei ny trend politiet har sett nå i haust. Ei trend dei er uroa over.

Ungdommar heilt ned i ungdomsskulealder eksperimenterer med LSD.

Cathrine Sæland Roseth

Cathrine Sæland Roseth i Sør-Vest politidistrikt ønsker å syna fram LSD-beslaget, slik at foreldre kan sjå korleis det narkotiske stoffet ser ut.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– At dei vågar å prøva eit så sterkt rusmiddel er ei ny utfordring for oss i politiet. Me jobbar knallhardt for å prøva å stoppa utviklinga, seier Sæland Roseth.

Dobling

Stavanger opplever ei sterk auke i unge som brukar narkotika. Talet på melde personar under 18 år er dobla sidan i fjor (sjå tabell). Likevel er det LSD-situasjonen politiet trekker fram som noko av det mest urovekkande.

Årsaka er at stoffet kan gi vrangførestillingar som kan gjera den som tar det farleg for seg sjølv eller andre. I tillegg er det problematisk at det kan ta ei stund før rusen verkar.

– Då er det kanskje nokon som tar to, eller tre, fordi dei ikkje kjenner noko. Så får dei plutseleg ein ekstremt sterk rus.

– Kan ein ta overdose?

– Du kan ikkje få overdose. Den største faren er eigentleg deg sjølv og det du kan finna på å gjera i rusen. Du går kanskje opp på eit tak og trur du kan fly, seier Sæland Roseth.

– Misforstått legaliseringsdebatt

Det har ifølgje politiet skjedd ei haldningsendring når det kjem til narkotika og spesielt bruken av cannabis. Dei opplever ofte at ungdommane dei tar inn skal læra dei om kor ufarleg det er.

Rundt kantineborda på Bryne vidaregåande skule er dei samde i at bruk av cannabis har blitt meir og meir normalt.

– Det har blitt meir normalisert nå enn før, og det er meir snakk om det i media enn tidlegare, seier Renate Byberg og Tiril Lima Horpestad, som ikkje driv med narkotika sjølv.

Oddgeir Høyekvam i organisasjonen Norsk narkotikapolitiforening gir politikarane litt av skulda for at det har blitt så normalisert med narkotika blant unge.

– Ungdommar blir påverka av signal som kjem frå politisk hald, og mange seier til oss at det ikkje er farleg, for snart blir det lovleg uansett. Og dessverre har enkelte politikarar surra litt i omgrepsbruken, for det er ikkje snakk om legalisering i Noreg, seier han.

I sommar vedtok Unge Høgre på landsmøtet sitt å gå inn for legalisering av lettare narkotiske stoffer. Andre nestleiar i Rogaland sitt fylkeslag, Kristoffer Bjordal, meiner ikkje at debatten dei reiser bidrar til at fleire unge tar narkotika.

– Me ønsker debatt om problemet som heilskap, eit problem der mange blir avhengige av rus og der folk kjem inn i farlege miljø. Legalisering vil vera eit tiltak som kan hjelpa, og me går til åtak på dei som sel narkotika i dag, seier han.