Hopp til innhold

Fleire unge hamnar utanfor arbeidslivet

Stadig fleire unge er arbeidsuføre i Norge, men berre to av fem seier dei er urolege for å bli det og mange er ikkje forsikra, syner ei ny undersøking.

Ungdommer

Over 10.000 unge mellom 18 og 29 år er arbeidsuføre i Norge.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Pensjonsøkonom i Storebrand, Knut Dyre Haug
Foto: Storebrand

Ved utgangen av mars var det registrert 309.000 arbeidsuføre personar i Norge, syner tal frå NAV. Det vil sei nærmare ti prosent av alle i yrkesaktiv alder her i landet.

Av unge mellom 18 og 29 år er talet på personar som har falt utanfor arbeidslivet 10.000, noko som er ei auke i forhold til dei siste åra.

To av fem fryktar å bli arbeidsufør

Norstat har gjort ei spørjeundersøking for Storebrand, som syner at berre to av fem unge seier at dei er urolege for å bli arbeidsufør. Dette overraskar forsikringsselskapet, som meiner at det er for dei unge det er mest alvorleg å bli arbeidsufør.

– Som ung er arbeidsevna det viktigaste du har, men det er få som forsikrar den. Ulukke og sjukdom i ung alder kan i verste fall gjera deg til minstepensjonist resten av livet, seier pensjonsøkonom i Storebrand, Knut Dyre Haug.

Rådet frå forsikringsselskapet er å få ei oversikt over kva ein har krav på dersom ein ikkje lenger kan jobba. Rettane har ein gjennom jobben sin, og kanskje også frå tidlegare jobbar ein har hatt.

Men sjølv om ein veit kva ein har krav på er det ikkje alltid ein veit kor mykje pengane eigentleg vil dekka over, fortel Agnes Bergo, som er økonomisk rådgivar hos Pengedoktoren AS.

– Mi erfaring er at unge ofte veit kva dei har krav på frå det offentlege dersom dei blir arbeidsuføre, men dei veit ikkje kor lite desse pengane dekker. Ein minstepensjon på rundt 160.000 kroner rekk ikkje langt når ein skal betala for ein stad å bu og dekka andre nødvendige utgifter, seier Bergo.

Bør forsikra seg

Eit anslag frå Storebrand seier at meir enn ein halv million yrkesaktive personar i Norge ikkje har uføreforsikring, verken gjennom jobben eller privat. Dette er alt for mange meiner Norsk familieøkonomi, som også meiner det er spesielt viktig for unge med denne type forsikring.

– Dersom du ikkje har hatt arbeidsinntekt, er du plutseleg ein minstepensjonist, dersom du berre har det offentlege tryggleiksnettet å falla i, seier sjefsøkonom i Norsk familieøkonomi Reid Krohn-Pettersen.

Dei meiner endåtil at alle barn også bør ha dette i forsikringspakkane sine.

– Når me skal vurdera ulike barneforsikringspakkar får dei strykkarakter hos oss, dersom dei ikkje har dekning for uførepensjon, seier han.

Han seier at unge, som skal teikna forsikring, bør sjå på pris og dekning før dei vel kva dei vil gå for. Men han åtvarar også om at forsikringsselskapa kan gjera seg vrange når forsikringa skal betalast ut.

– Av og til hender det at forsikringsselskapet ikkje er samde med legen din, og får sine eigne legar til å undersøka om du faktisk er arbeidsufør. Derfor kan det ofte ta tid før ein får utbetalingane, dersom ein har krav på dei, seier han.