NRK Meny
Normal

Fleire ungdommar må sjå langt etter læreplass

Fleire tusen ungdommar over heile landet står utan læreplass. I oljefylket Rogaland har det i dag vore krisemøte der fylket ber statlege bedrifter og kommunane om å ta inn fleire lærlingar.

Markus Berge

LÆRLING: Det er vanskelegare enn tidlegare å få seg læreplass. Spesielt innan industrifag. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Cathrine Utne Pettersen

KRISEMØTE: Cathrine Utne Pettersen er ansvarleg for fag- og yrkesopplæring i Rogaland fylkeskommune. Ho ber kommunane og statlege bedrifter ta inn fleire lærlingar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me håper dei finn rom i budsjetta sine til å ta inn ein lærling eller to til, seier ansvarleg for fag- og yrkesopplæring i Rogaland fylkeskommune, Cathrine Utne Pettersen.

Ho har i dag arrangert to krisemøte i Rogaland der situasjonen for yrkesfagelevane er alvorleg.

Nedgangstidene i oljefylket har gjort sitt til at heile 575 elevar står utan læreplass når det er kort tid til oppstart. På same tid i fjor var talet 390.

– Lite innan automasjon og industrimekanikar

Men det er ikkje berre Rogaland som slit med å få lærlingar ut i arbeid. Hordaland er fylket med flest søkjarar ved sida av Rogaland, her er det nå rundt 400 ungdommar utan læreplass.

– Rogaland og Hordaland er ganske like ved at fleire bedrifter er avhengige av oljeindustrien. Veldig få får seg læreplass innan automasjon og industrimekanikar, også elektrikarar merkar me også ein nedgang hos, seier fagopplæringssjef i Hordaland, Torbjørn Mjelstad.

I dag melder også Finnmark fylkeskommune at dei ønsker å kutta i fag der det er vanskeleg å få læreplass. Der står 130 utan læreplass.

I Agder-fylka oppmoda fylkeskommunen elevane om å ta initiativ sjølv, då nesten 40 prosent av alle søkarane ikkje hadde fått tilbod om læreplass tidleg i juli. Også her er det innan tradisjonelle industrifag det er vanskelegast å få læreplass.

Dermed kan det sjå ut som om regjeringa heller ikkje i år greier å innfri ambisjonen om 20 prosent fleire lærlingar i 2015. Landstala for januar viste nemleg at ein av tre, eller 9000, stod utan læreplass.

Lærling i Sola kommune

Ibrahim Ahmed er kontorfaglærling i Sola kommune i Rogaland, og skal ta fagprøve 15. august. Han håper at kommunane kan trø til ved å ta inn endå fleire lærlingar til hausten.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Aktivt arbeid ber frukter

Cathrine Utne Pettersen ser likevel lyspunkt i situasjonen i Rogaland. Det aktive arbeidet deira for å skaffa læreplassar til yrkesfagelevane har bore frukter.

– På på ei veke i juli så klarte me å redusera talet med hundre, så nå er me nede i 575 lærlingar utan plass, seier Pettersen.

Sjølv om talet truleg vil gå meir ned før oppstart i haust, så opplyser ho om at alle uansett vil få eit tilbod. Men i staden for eitt år som lærling i ei bedrift, blir det eit tredje år med skule.

– Me har ansvar for alle og alle vil få eit tilbod. Me har oppretta mange klassar, såkalla VG3-skuleklassar, der dei får eit opplæringsår som blir avslutta med fagprøve, seier ho.