Hopp til innhold

Fleire tusen på Blink-folkefest i Sandnes

Store og små kosar seg på Blinkfestivalen sin siste dag. Og fleire får sitt alle første møte med rulleski (sjå video).

Folkefest med Blinkfestival, 2016.

VIDEO: Sjå video frå folkefesten på Blinkfestivalen laurdag. Foto/redigering: Eirik Gjesdal.

– Me er her for at barna skal ha det gøy og gå på rulleski. Det er veldig masse folk, god stemning og veldig god mat. Me er superfornøgde, strålar mor Marit Melås.

Ho og familien er blant mange tusen som laurdag har tatt turen til Blinkfestivalen i Sandnes sentrum.

Her får dei servert gratis brunsj, oppleve underhaldning og ikkje minst – barna får prøva seg med rulleski på beina.

– Dette arrangementet set Sandnes veldig på kartet. Ein god reklame for Sandnes by, meiner trebarnsmora.

Gratis brunsj

Kenneth Reime

Kenneth Reime, dagleg leiar og eigar av Servit catering.

Foto: Ole Andreas Bø

Kenneth Reime er dagleg leiar og eigar av Servit catering. Cateringfirmaet serverer gratis brunsj, noko dei har gjort på festivalen i elleve år.

– Folk kosar seg, og nyt maten med gode rytmar i bakgrunnen. Eg vil anslå at det er om lag 4000 menneske her nå, seier Reime.

Han skryt over festivalen han meiner blir betre for kvart år. Full av lovord er også Arvid Ivesdal. Han har fått seg frukost på Blinken.

– Blink er topp. Det er berre vêret som er litt så som så, men det gløymer me. Eg synst det er like kjekt å sjå på dei små deltakarane som dei store. Blink er god reklame for heile Rogaland, meiner han.

Blinkfestivalen 2016

Det var folksamt på Blinkfestivalen laurdag.

Foto: Ole Andreas Bø

Vaknar av skistavane

Arvid Ivesdal

Arvid Ivesdal kosar seg på Blinkfestivalen.

Foto: Ole Andreas Bø

Ingunn Søiland bur like ved Sandnes sentrum og har dei siste morgonane vakna til skistavar som lagar lyd når dei treff asfalten.

– Det er veldig kjekt at det skjer noko i Sandnes og ikkje berre i Stavanger. Arrangementet har mykje å seia for Sandnes når det blir vist på tv. Folk får sett kor flott natur me har på desse kantar.

PS: I kveld er det sprint på programmet for langrenns- og skiskyttarutøvarane på Blinkfestivalen. Finalane ser du direkte på NRK1 frå klokka 19.40.