NRK Meny
Normal

Fleire tomme hus enn før

Folketalet går tilbake i Forsand og det er fleire tomme hus enn før. Ordføraren meiner at Ryfast har skulda.

På Forsand

Forsand kommune, med fjellet Uburen i bakgrunnen

Foto: Jarle Nilssen

– Me er i ein mellomperiode nå. Dei som ser at Ryfast vil gjera det vanskelegare å pendla til jobb på Nord-Jæren, dei flyttar nå frå Forsand kommune.

Det er ordførar Ole Tom Guse som gjer seg desse tankane for tida. Fleire av innbyggjarane i Forsand kommune har arbeidsstaden sin i Gjesdal eller Sandnes. Då reiser dei med ferja over Høgsfjorden for å koma dit. Når Ryfast står ferdig i 2018, skal Høgsfjord-ferja etter planen leggjast ned.

– Dei som då ser at reisevegen blir for lang eller at bompengane blir for dyre, dei prøver nå å selje heimen i Forsand og skaffe seg nytt hus på Nord-Jæren, seier Guse.

Mange tomme hus

– Me har meir tomme hus nå enn på lenge, men truleg er det snakk om utskifting heller enn nedgang i folketalet, seier Guse.

For han reknar med at når folk får augo opp for kor fine tomter det er i Strand og Forsand, så kjem det etter kvart til å bli auke i innbyggjartalet. Det gjeld også dei som har arbeidsstaden sin slik at Ryfast faktisk blir ein snarveg til og frå jobb.

Strand fram og Forsand tilbake

Innbyggjartala, som blei presentert av Statistisk sentralbyrå (SSB) på torsdag viste at Strand har rekordauke i innflytting. Forsand har på si side to færre innbyggjarar enn i første kvartal i år.