Hopp til innhold

Fleire titals bilar i full fyr – politiet ber folk om å halda seg inne

Ein bilhaug med gamle bilar tok torsdag kveld fyr på ei lagertomt for bilvrak på Eigerøy. Politiet har bedd folk i område om å halda seg innandørs og lukka vindauge og ventilar så lenge det kjem røyk frå brannstaden.

Politiet fekk melding om brann ved Rogaland bildelar A/S like etter klokka seks torsdag kveld.

Det er ikkje meldt om personskadar i samanheng med brannen, men røykutviklinga har vore svært stor, og røyken er giftig.

– Det brenn framleis veldig godt her. Og det vil nok brenna ei god stund utover kvelden, seier innsastsleiar i politiet, Aslak Moi til NRK.no i 20-tida.

– Stor brann

Rogaland bildelar er eit anlegg for opphogging av gamle bilar, og det er i ein bilhaug det brenn.

– Då me nærma oss såg me at dette var ein stor brann. Brannvesenet sette i gang med sløkkearbeid frå to ulike sider, seier innsatsleiar i politiet, Aslak Moi.

Han seier at vinden bles gunstig slik at den svarte tjukke røyken bles ut på sjøen, og ikkje inn i bustadområdet.

Likevel ber dei folk vera obs.

– Når det brenn så kraftig i gamle bilvrak seier det seg sjølv at det blir frigjort ein god del gassar, seier Moi.

Sjå video frå brannen her:

Video a001632d-b59a-405a-82ea-c7c1353f2831.jpg

VIDEO: Videoen er tatt like etter det byrja å brenna etter klokka seks torsdag kveld.

Politiet ber folk om å halda seg inne

Politiet ber alle som bur i nærleiken om å halda seg innandørs og stenga vindauge, dører og ventilar, slik at røyken ikkje kjem inn.

Det er likevel ikkje aktuelt med ei evakuering.

– Røyken inneheld gifter, så det er viktig at folk held seg vekke her frå, seier han.

Klokka 19.30 kom sivilforsvaret til staden for å hjelpa brannvesenet med meir vatn.

– Det vil ta tid å få sløkt denne brannen, og det vil nok ulma her heile natta og utover morgondagen, seier Moi til NRK.no.

Politiet kjenner framleis ikkje årsaka til ulukka.

Samanliknar med vulkanutbrot på Island

Jarle E. R. Skadberg var ute for å jogga då han oppdaga den svære røykskya.

– Eg la om joggeruta mi slik at den gjekk innom eit utkikkspunkt kor eg fekk knipsa bilete av brannen, seier Skadberg til NRK.no.

Han fekk tatt fleire oversiktsbilete av den svarte røyken som veltar ut frå Rogaland bildelar.

– Det gjorde eit veldig inntrykk. Det var nesten som å sjå på eit vulkanutbrot i Island, seier mannen frå Eigersund.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.