Åtte personar frå Rogaland Politidistrikt har vore inne til avhøyr, og det er beslaglagt store mengdar datautstyr og lagringsmedier.
Det er gjort åtte ransakingar, og dei er fordelt over heile politidistriktet.
Fordi Rogaland politidistrikt bruker store ressursar på å oppklara ranet av Norsk Kontantservice er det Kripos som skal etterforska sakene, med hjelp frå Politiets Datakrimsenter.
Haugaland og Sunnhordland politidistrikt etterforskar totalt seks saker etter barnepornoaksjonen i dag.
Politioverbetjent Bjarne Skådel ved Karmøy lensmannskontor seier politiet har hatt fleire personar inne til avhøyr og at dei har beslaglagt ein del PC'ar som no skal gjennomgåast.
Skådel reknar ikkje med at nokon av dei avhøyrde personane vert fremstilt for varetektsfengsling.