– Det er andreårsstudentane som har kome ut i praksis, og skal trena seg på å snakka med folk, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Olaug Bjørnsen, om trafikkontrollane som har vore frå Moi til Stavanger i dag.
Det har kosta dyrt for mange. Mellom anna har 69 personar blitt tekne for å snakka i mobiltelefon på dei åtte stadene det har vore kontroll i dag. Det liker ikkje Bjørnsen.
– Mobilbruk er årsaka til fleire samanstøyt mellom bilar, spesielt i ettermiddagsrushet. Når me tek 69 for dette i dag, veit me jo at det berre er ein brøkdel av dei som faktisk snakkar i telefonen medan dei køyrer, seier ho.
Og politiet har ikkje tenkt å gi seg med dagens kontroll.
– Dei komande dagane kjem me nok til å ha liknande kontrollar rundt om i fylket, slår ho fast.