Hopp til innhold

Dreg til Austlandet for å få jobb

Det er hard kamp om jobbane som blir lyste ut i oljefylket Rogaland. Difor søker mange arbeidsledige no på stillingar i andre fylke.

Arbeidsledighet og Nav

Nav i Rogaland oppmodar endå fleire til å leite etter jobbar andre stader i landet.

Foto: Tore Meek / SCANPIX

– Når folk no opplev at dei har 300 konkurrentar på relativt enkle jobbar i området her, så blir dei sjølvsagt frustrerte. Realitetsorienteringa kjem då på plass, og dei byrjar å sjå seg om etter jobb utanfor fylkets grenser, seier Nav-direktør i Rogaland, Truls Nordahl.

Fredag kom nye tal på arbeidsløysa i Rogaland. Dei viser at nærmare 10 000 står utan jobb grunna nedgangen i oljeindustrien. Arbeidsløysa har auka med 70 prosent på eitt år.

– Førebels har me høyrt at Oppland og Hedmark har fått veldig mange søknadar frå Stavanger-området, seier Nordahl.

regiondirektør i NAV Rogaland, Truls Nordahl

Truls Nordahl er direktør i NAV i Rogaland.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Dette er fylke som har hatt ein nedgang i talet på arbeidsledige det siste året.

Hedmark har hatt ein nedgang i arbeidsløysa på 18 prosent, medan Oppland har hatt ein nedgang på 5 prosent.

Glad for utviklinga

Nav-direktøren meiner det er positivt at rogalendingane søker seg vekk frå oljefylket.

– Det gler meg veldig, fordi det betyr at folk tek vare på seg sjølv. Det er utruleg viktig å ikkje miste den kompetansen du har. Det å ta seg ein jobb ein annan stad, gjer at du kan halde kompetansen oppe, seier Nordahl.

Nav i Rogaland vil jobbe aktivt framover for å få endå fleire til å søkje jobb andre stader i landet.

– Eg skal om kort tid besøke Oppland, Hedmark og Troms. Eg vil informere dei om kva type ledig arbeidskraft me har i Rogaland. Der er det nedgang i arbeidsløysa, og me ynskjer at dei skal henta arbeidskraft frå Rogaland, i staden for å hente det frå utlandet, seier Nordahl.

Vil miste kompetanse

Nav-direktøren meiner det er lurt å oppmode folk om å reise frå Rogaland, sjølv om det betyr at fylket vil miste kompetanse.

– Eg er heilt sikker på at eg om to år vil stå og seia at me treng arbeidskraft. Så dette er eit dilemma, men den største utfordringa den skaper me viss me lar folk gå passive utan å ha noko å gjera.