Hopp til innhold

Fleire søker Nav om flytte-stønad

Fleire arbeidsledige rogalendingar søker Nav om stønad til flytting. Også fleire flyttebyrå merkar auka pågang frå folk utan jobb på flyttefot.

Flytting

Stavanger flyttebyrå er blant dei som opplevde vekst i omsetninga i 2016. Illustrasjonsfoto.

Foto: Richardsen, Tor / Scanpix

– Oslo, Bergen, Ålesund, Trondheim.

Dagleg leiar i Stavanger flyttebyrå, Imtanan Malik, ramsar opp byane kor flyttebyrået oftast reiser med flyttelass til om dagen, utanfor sitt eige nærområde på Nord-Jæren.

Flyttebyråsjefen merkar at rogalendingar i aukande grad flyttar ut av Stavanger-regionen.

– Me har merka auka etterspørsel på oppdrag mellom Stavanger og andre byar, fortrinnsvis Oslo og Bergen.

– Er dette arbeidsledige?

– Det er ein blanding. Nokre er arbeidsledige og nokre har blitt flytta frå for eksempel eit avdelingskontor i Stavanger til hovudkontoret i ein annan by.

Fleire søker Nav om stønad til flytting

Imtanan Malik

Dagleg leiar i Stavanger flyttebyrå, Imtanan Malik

Foto: Magnus Stokka / NRK

Også andre flyttebyrå NRK har vore i kontakt med i Stavanger-området merkar at arbeidsledige, både nordmenn og utlendingar, flyttar ut av Rogaland.

Og Nav har i lang tid oppfordra til nettopp dette. I fjor vår merka etaten at mange gjorde alvor av oppfordringane, og siste kvartal i fjor opplevde Stavanger ein historisk negativ folkevekst.

Nå merkar Nav Rogaland at fleire arbeidsledige også søker om stønad til flytting.

– Folk er veldig mykje meir interesserte i å flytta på seg og opne for stillingar andre plassar i landet. Det er også auka pågang på søknader til å dekka flytteutgifter, seier assisterande fylkesdirektør i NAV Rogaland, Anneline Teigen.

Trur ordningane er ukjente for mange

Anneline Teigen

Assisterande fylkesdirektør i Nav Rogaland, Anneline Teigen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ifølge Nav sine reglar (sjå faktaboks eller ekstern lenke) kan du få dekka flytteutgifter dersom du må flytta frå heimstaden din for å delta på arbeidsretta aktivitet eller skaffa jobb. Du kan også få dekka delar av reiseutgiftene dersom du må på jobbintervju ein annan plass i landet.

Dette er støtteordningar Teigen i Nav ikkje trur alle er klar over. Ho ber derfor dei som lurer på desse ordningane om å sjekka Nav sine nettsider.

– Det viktige er at folk får sjansar til å komma i arbeid. Folk ønsker å få jobb, folk ønsker ikkje å gå arbeidsledig.

Omsetningsvekst

Malik i Stavanger flyttebyrå seier det i aukande grad er arbeidsgivar eller Nav som betalar for flyttinga ut av Stavanger. Det kan komma godt med når det kan kosta 16-18.000 kroner for ein familie på to vaksne og to barn og flytta frå Stavanger til Oslo.

– Korleis viser den auka pågangen igjen på omsetninga til flyttebyrået ditt?

– Det viser så klart igjen. Stavanger flyttebyrå opplevde omsetningsvekst i 2016.