Hopp til innhold

Fleire skianlegg opnar i helga

Gunstige vêrforhold gjer at fleire skianlegg kan opna i helga.

Fint i Røldal

Det er skyfri himmel og ti minusgrader i Røldal fredag ettermiddag.

Foto: Røldal skisenter

Det ligg an til ei god helg for skilystne rogalendingar, med fleire trekk som har sesongopning.

Dei aller ivrigaste har allereie hatt gleda av Røldal Skisenter (Hordaland), som opna førre helg. Her melder dei også om ei fin helg denne helga.

– Me har sol frå skyfri himmel nett nå, ti minusgrader og det ser ut til at det blir ei veldig flott helg, seier Oddvar Bratteteig ved Røldal skisenter.

Dei vil halda stolheisen og nybegynnarheisen open i helga, slik det også var førre helg.

Opnar skitrekk i Sirdal

I Sirdal kom det 20–30 centimeter snø førre helg. Etter dette har det heldt seg kaldt, så det er køyrt langrennsløyper frå Haugen til Degdammen.

– Dei kalde vêrforholda har også gjort at skianlegga har fått produsert veldig mykje snø, seier Anita Buckli ved Sirdalsferie.

Ålsheia, Tjøromfjellet og Ådneram skitrekk opnar til helga.

På Tjørhomfjellet er det Huldraheimen som vil opna, i Ålsheia er det hovudtrekket og Dalen, medan hovudtrekket opnar på Ådneram.

– Det skal halda seg kaldt, så dei som kjem til fjells må ha på seg mykje klede, seier Buckli.

Kunstsnø i Sauda

Også skianlegget i Sauda vil få sesongopning i helga.

– Forholda er veldig bra der me har produsert kunstsnø, seier Lars Reidar Fosstveit ved Sauda skisenter.

Dei vil halda familieheisen open laurdag og søndag frå 10 til 16.

– Det er også laga til ein trase utanfor familieheisen der ein kan renna på eit større område, men det er berre familieheisen som blir køyrt i helga om det ikkje kjem meir snø, seier Fosstveit.

Han seier at dei er førebudde på å opna større delar av anlegget dersom snøen som er meld på sundag kjem.