Hopp til innhold

Fleire skadar seg på tur til Preikestolen

Dårleg sommarvêr fører til fleire redningsoppdrag i Preikestol-området. Nå blir det lova betre informasjon til fotturistane.

Redningsoppdrag Preikestolen

Så langt i år har Norsk Folkehjelp Strand og Forsand vore på 50 redningsoppdrag. Det er 16 fleire oppdrag enn på same tid i fjor. Dette er frå eit oppdrag ved Preikestolen tidlegare i sommar.

Foto: Norsk Folkehjelp Strand og Forsand

– Auken i oppdrag skuldast i hovudsak at det har vore ein del dårleg vêr for fjellfolket, seier beredskapsleiar i Norsk Folkehjelp Strand og Forsand, Arne Alsvik.

Norsk Folkehjelp Strand og Forsand er eit av landets mest aktive redningskorps med populære turmål som Kjerag og Preikestolen i sitt dekningsområde.

Så langt i år har dei bikka 50 redningsoppdrag. Det er 16 fleire oppdrag enn på same tid i fjor. I 2018 enda dei på totalt 60 oppdrag.

– Er folk uforsiktige i det dårlege sommarvêret?

– Eg vil ikkje seia uforsiktige, men dei er kanskje ikkje heilt førebudde på kva dei kan møta i fjellet ein sommardag. Dei er kledd for ein sommardag og blir overraska når vêret blir dårleg, seier Alsvik.

Redningsaksjon Preikestolen

Bilete frå ein av redningsaksjonane til Norsk Folkehjelp Strand og Forsand tidlegare i sommar. Biletet er frå stien opp til Preikestolen.

Foto: Norsk Folkehjelp Strand og Forsand

Opptatt av god informasjon

Heldigvis er det i hovudsak snakk om mindre alvorlege skader som beinbrot og fallskader for fotturistane som må få hjelp i fjellheimen.

Norsk Folkehjelp Strand og Forsand hjelper til i redningsoppdrag i heile Rogaland, men det er likevel ein del av fylket som skil seg ut.

– Me er oftast ute i Lysefjord-området med Preikestol som turistmagneten. Det er heilt naturleg fordi der er det flest folk som er ute.

Arne Alsvik

Beredskapsleiar i Norsk Folkehjelp Strand og Forsand, Arne Alsvik.

Foto: Eirik Gjesdal/NRK

Berre i juni besøkte nesten 65.000 personar Preikestolen. Tala er over 40 prosent høgare enn overslaga frå juni 2018, og kan bety at årsbesøket er høgare enn 300.000.

Dei som har ansvaret for å utvikla Preikestolen og Kjerag som turistmål, er opptatt av god informasjon til fotturistane.

– Me har eit bra vertskap på parkeringsanlegga både ved Preikestolen og Kjerag som informerer folk om klede, utstyr og vêr. I tillegg har me bygd gode og sikre stiar, seier dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen og Lysefjorden utvikling, Helge Kjellevold.

– Må bli flinkare

Han minner også om allemannsretten som er nedfelt i friluftslova. Den gjer at dei ikkje kan nekta folk å gå dei populære turane, sjølv om vêret er dårleg.

Helge Kjellevold

Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen og Lysefjorden utvikling, Helge Kjellevold.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Likevel må me, saman med dei som sel og marknadsfører turar til Preikestolen, bli flinkare å informera gjestane om kva dei faktisk går til. Det er nok ein del gjester som ikkje er godt nok førebudde.

Sjefen for Preikestol-stiftinga minner om at turen opp til Preikestolen er rekna til to timar i krevjande terreng, sjølv om stien er godt opparbeidd.

– Vêret kan også vera veldig varierande. Det kan vera stor forskjell i vêr, vind og temperatur frå når du startar turen ved parkeringsanlegget til du er oppe på Preikestolen.