Hopp til innhold

Fleire rogalendingar treng hjelp i jula

Organisasjonar i Rogaland merkar større pågang frå folk som sjølv ikkje har råd til å feire jul.

Hjelp oss å hjelpe Rogaland

Organisasjonen 'Hjelp oss å hjelpe Rogaland' har hatt stor pågang no i jula.

Foto: Hjelp oss å hjelpe Rogaland

– Det er ein større pågang frå folk som ber om hjelp. Det er både barnefamiliar, einslege, og flyktningar. Generelt er det fleire i Rogaland som treng hjelp, seier Trine Thorsen, avdelingsleiar i organisasjonen "Hjelp oss å hjelpe Rogaland".

Organisasjonen har blitt kontakta av rundt 130 personar som treng litt ekstra hjelp no i jula. Det er 30 fleire enn i fjor. Og Thorsen er ikkje overraska.

Trine Thorsen

Trine Thorsen i organisasjonen 'Hjelp oss å hjelpe Rogaland', seier at fleire kjem til dei og ber om hjelp.

Foto: Privat

– Eg hadde ikkje venta at det skulle vera mindre, for å seia det slik. Det har koma fleire flyktningar til landet, og det har vore ein nedgang i talet på jobbar, ikkje minst i olja. Så eg hadde venta at talet skulle auke, seier Thorsen.

Stor interesse for matpakkar

Hos Frelsesarmeen i Stavanger var det stor interesse for deira pakkar med julemat. Heile 320 pakkar er allereie delte ut.

Også her merkar dei at behovet for hjelp har blitt større.

– Det har vore ei lita auke samanlikna med i fjor. Me har også sett tidlegare i haust at det har vore større interesse for matpakkane som me delar ut, fortel korpsleiar i Stavanger Tormod Langeland

Og det er alle typar folk som kjem til dei, seier Langeland

– Det er einslege, par, familiar, aleineforeldre, norske, og utanlandske. Det er folk som er i ein vanskeleg situasjon som kjem til oss for å få hjelp.

Svært takknemlege

Organisasjonen "Hjelp oss å hjelpe Rogaland" delar også ut julemat. I tillegg sørgar dei for både juletre og gåvene som skal ligge under.

Og dei som får hjelp er svært takknemlege, fortel Thorsen

– Utan hjelp frå oss hadde dei ikkje feira jul. Dei hadde ikkje hatt råd til julegåver under treet, dei hadde ikkje hatt mat å servera på første juledag. Dei kunne ikkje ha hatt ei koseleg julefeiring. Så dei er svært takknemlege.