NRK Meny

Fleire psykiatrioppdrag for politiet

Politiet i Stavanger hadde 140 oppdrag på litt over to månadar i fjor der dei måtte transportera psykisk sjuke personar til sjukehus. – Me merkar at oppdragsmengda er aukande, seier seksjonsleiar, Kristian Johansen på Stavanger politistasjon. Sjukehuset i Stavanger har ein eigen forsterka ambulanse med spesialsjukepleiarar – men denne er ikkje i bruk om natta og i helgene.