Hopp til innhold

Fleire vil til Hordaland

I helga kan to store fylkeslag i Rogaland og Hordaland gå inn for samanslåing av dei to fylkeskommunane. – Hordaland og Rogaland er ein god match, seier Terje Søviknes (Frp), sjølv om han eigentleg er imot heile fylkeskommunen.

Vestlandsregion

Andreas Bjelland Eriksen studerer til dagleg ved Handelshøgskolen i Bergen i Hordaland. Politikarvervet sitt har han derimot i Fylkestinget i Rogaland. I helga prøver han å samla desse to fylka til eitt, ved å samle fleirtal på årsmøtet til Stavanger Ap.

Andreas Bjelland Eriksen

Andreas Bjelland Eriksen står bak eit resolusjonsforslag på årsmøtet til Stavanger Ap.

Foto: AUF

– Næringslivet i dei to fylka har mange fellesstrekk. Sjå på oljenæringa, og fiskeri og oppdrett, seier Bjelland Eriksen.

Les også: Ein vestlandsregion kan vera klar før jul

I tillegg er transportutfordringane mykje av dei same, etter Bjelland Eriksen si meining. Han tenkjer då på ferjefri E39 og at begge fylka er avhengige av eit godt samband austover mot Oslo.

Frp-politikarar samarbeider

I helga har Frp i Rogaland sitt fylkesårsmøte på Sola. Fylkesårsmøte har også Hordaland Frp, og Terje Søviknes frå Os og Terje Halleland frå Vindafjord har gått saman om eit resolusjonsforslag, som skal opp på begge fylkesårsmøta.

Terje Søviknes

Sidan regjeringa no likevel jobbar for større regionar, meiner Søviknes at Frp òg bør jobba for ein vestlandsregion.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix
Terje Halleland

Fylkespolitikar Terje Halleland frå Frp går saman med Terje Søviknes og foreslår felles Vestlandsregion.

Foto: Frp

Framstegspartiet har til no vore motstandarar av fylkesnivået i norsk politikk.

Sidan regjeringa no likevel jobbar for større regionar, meiner Søviknes at Frp òg bør jobba for ein vestlandsregion.

– Hordaland Frp står klart på partiprogrammet om at me primært sett vil ha ein tonivå-modell med sterke kommunar og stat. Me meiner at Fylkeskommunen er overflødig slik den står fram i dag, men når det nå er sagt at me skal sjå på samanslåing så me ta del i den debatten, og då meiner me at Hordaland og Rogaland er ein veldig god match, seier Terje Søviknes.

Det er i helga det blir avgjort om Frp i Rogaland og Hordaland går inn for samanslåing av dei to fylkeskommunane. Argumenta som talar for er mange, meiner Søviknes.

– Det er klart at Rogaland og Hordaland har ein felles kultur, felles næringsutfordringar og med ferjefri E39 vil desse to fylka bli bundne mykje tettare saman, seier Søviknes.

– På mange måtar står dei to fylka framføre dei same utfordringane, seier Terje Halleland.

Han peikar mellom anna på vasskraft, maritim verksam og reiseliv, som slike fellesnemnarar.

Derfor rår dei to til at Hordaland og Rogaland slår seg saman i ein region, og at dei også snakkar med Vest-Agder og Sogn og Fjordane om å vera med.

Kan bli avklart til hausten

Tidlegare i år har fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, KrF, sagt at ho og fleirtalet i fylkespolitikken i Rogaland, er positive til å slå seg saman nordover eller sørover på Vestlandet.

Sjå også: Vil slå saman heile Sør-Vestlandet

Fleirtalet i Rogaland fylkesting består av Arbeidarpartiet, KrF, Venstre og Senterpartiet. Høgre har kommunalministeren som står bak kommune og fylkesreforma, og Frp si meining er ikkje å ta feil av.

Tyngdepunkt mot Austlandet

Det både Andreas Bjelland Eriksen og Terje Halleland trekk fram som det aller viktigaste argumentet er at eit samla Vestland kan blei ein reell utfordrar til Austlandsregionen.

Det vil gjera det lettare å nå fram med ønskje om løyvingar til nye vegar og til å få større statlege institusjonar til Vestlandet, meiner dei to.

– Eg trur me står sterkare saman når me skal utfordre makta på Austlandet, seier Bjelland Eriksen