NRK Meny
Normal

Her sat fleire barn fast i meir enn to timar – Kongeparken beklagar

Brannvesenet har i dag henta ned 15 personar frå ein karusell i Kongeparken. – Fleire barn gret og var redde, fortel augevitne til NRK.no.

Karusell i Kongeparken

Karusellen «Luftskipet» i Kongeparken er om lag 30 meter høg. Bilete til høgre er teke frå ei av vognene under evakueringa.

Foto: privat

Klokka 15.05 stoppa det såkalla «Luftskipet» i lystparken Kongeparken på Ålgård i Rogaland. Ein time seinare blei brannvesenet kalla ut for å få ned femten personar frå vognene på karusellen, som er om lag 30 meter.

– Svogeren min, kona mi og barna mine sit der oppe. Det er ikkje spesielt kjekt, fortalde Kjell Mangor Sveland til NRK.no klokka 16.15.

Fem minutt seinare melde Brannvesenet Sør-Rogaland at dei var i gang med å evakuera 15 personar ned frå vognene. Klokka 17.45 var alle trygt nede frå vognene.

Sat fast i vogn i Kongeparken

Jan Roald Eik, Talette Sveland (5), Marta Birgitte Sveland og Rasmus Sveland (9) medan dei sit fast i vogna. Dei har nå blitt berga ned på bakken.

Foto: Privat

Sat fast i meir enn to timar

Sveland er glad for at det var vaksne i kvar vogn. Han har likevel høyrt mange barn som ikkje har vore komfortable med situasjonen.

– Eg har høyrt barn som gret og folk er redde. Dei har vore der oppe i minst ein time, så eg kan godt forstå det, seier han.

Dei som var lengst oppe i vognene sat der i over to timar.

Reddes ned fra karusell i Kongeparken

Her pågår evakueringa.

Foto: Bjarte Espedokken / Gjesdalbuen / NTB scanpix

– Det skumlaste var å klatra over kanten

Kona til Kjell Mangor, Marta Birgitte Sveland, er glad for at det heile er over, då NRK snakka med ho. Nå er ho trygt nede på bakken og på veg heim til Haugalandet saman med sine to barn på fem og ni år, som også var i vogna i to timar.

– Eg har litt høgdeskrekk og tok eigentleg karusellen for å gleda mine barn, men alt i alt har det gått greitt. Me prøvde å skøya litt i vogna, slik at barna ikkje skulle bli redde, men i vogna bak oss høyrde me at barne ikkje var like rolege, seier ho.

Ho fortel at det skumlaste var å klatra over kanten på vogna, då dei blei evakuerte av brannvesenet.

– Kongeparken gjorde ein god jobb då me kom ned. Men når me var der oppe var det verre. Hadde det ikkje vore for at me hadde telefonkontakt med mannen min frå bakken, hadde me ikkje fått noko informasjon. Det burde også gått mykje raskare å få oss ned, seier ho.

– Skal ikkje skje

Dagleg leiar i Kongeparken, Håkon Lund, beklagar hendinga.

– Dette er noko som ikkje skal skje og me beklagar det sjølvsagt. Nå er det viktigaste å få alle trygt ned, seier han til NRK.no, medan brannvesenet er i gang med evakueringa.

Han seier at teknikarar og mekanikarar har jobba for å finna feilen, utan hell.

– Det var derfor me valde å varsla brannvesenet. Helsepersonell er også på plass for å ta vare plass, dersom nokon treng hjelp frå dei, seier Lund.

Han seier at dei ofte trenar på denne type situasjonar, men at det aldri tidlegare har vore teknisk feil på «Luftskipet», som var nytt i 2003.

– Heldigvis er ingen folk i fare, sjølv om det er høgt sit dei trygt. Det er varmt, og det er derfor viktig at dei får drikke når dei kjem ned. Me øver ofte på denne type situasjonar, og etter dette vil me setja oss ned med brannvesenet og evaluera handsaminga av situasjonen, seier Lund.

Her filma Marta Birgitte Sveland delar av evakueringa.

Her filma Marta Birgitte Sveland delar av evakueringa.

Måtte ropa opp i vognene

Kjell Mangor Sveland, som har vore augevitne frå bakken, er ikkje spesielt nøgd med måten Kongeparken har handsama situasjonen.

– Mange folk har sprunge rundt, og det verkar ikkje som om dei har heilt kontroll. Dei har heller ingen andre måtar å koma med informasjon til dei som sit i vognene er å ropa opp, det er jo ikkje bra, seier han.

Klokka 17.10 har Sveland fått ned familien sin, og fortel at nesten alle har kome seg trygt ned.

– Barna mine var svært glade for å koma seg ned. Guten på ni har nå fått sukkerspinn, vatn og nokre gratisbillettar, så han er svært nøgd, fortel Sveland.

Trass kritikken meiner Lund at dei ramma har handsama situasjonen på ein svært god måte. Han gir også skryt til brannvesenet.

– Brannvesenet har gjort ein fabelaktig jobb med å få alle ned på bakken att, seier han.

«Luftskipet» vil nå vera stengt inntil vidare.