Sakte, men sikkert blir barnehagane våre fylde opp med førskulelærarar.
For tre år sidan hadde to av ti barnehagar her i landet så mange utdanna pedagogiske leiarar som dei skal ha, ifølgje den såkalla pedagognorma. Nå er talet heilt oppe i fire av ti.
– Tar tid
Dette er ein tendens som får utdanningsdirektøren til å smila. Han meiner det er mange grunnar til den positive utviklinga.
– Pedagognorma som har blitt innført i regelverket har virka veldig positiv. I tillegg har kommunane og andre barnehageeigarar jobba systematisk og aktivt for å oppfylla norma, seier direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim.
Norma kom i 2009 og sett krav til pedagogar i forhold til barn. Kravet er strengare når det er snakk om små barn (sjå faktaboks).
Det er ikkje sett ein frist for når alle barnehagane skal innfri norma.
– Eigentleg skal alle vera i mål nå, men me ser at det tar litt tid. Det er vanskeleg å få fatt i pedagogar og det er vanskeleg å utdanna nok pedagogar. Men dersom utviklinga held fram i dette tempoet når me nok snart målet, seier Skarheim.
Nokon heng etter
Utdanningsforbundet har sett nærme på dei nye tala, men har ikkje funne skilnad på private og kommunale barnehagar. Det dei likevel finn store skilnader på er fylka.
Akershus, Rogaland og Møre og Romsdal er dei største slitarane. Her innfrir mindre enn ein av fire barnehagar norma.
– Kvifor det er slik må me nok dykka djupare ned i, men i nokre høver har ein vore dyktigare enn andre stader, seier utdanningsdirektøren.
Ein av barnehagane som ikkje har nok førskulelærarar er Kampen barnehage i Stavanger. Her er Rebecca Husbø Madsen pedagogisk leiar utan formell utdanning, men snart er ho ferdigutdanna.
Sjølv om barna som klatrar på ho ikkje bryr seg om det formelle, ser den komande førskulelæraren alvorleg på tala.
– Det rammar barna til slutt, for det pedagogiske opplegget kan bli dårlegare. Dessutan er det ikkje alltid personalet fangar opp signala som dei bør, seier Husbø Madsen.
At fylket hennar slit med dekninga av faglærde barnehagearbeidarar, trur ho kan skuldast andre attraktive jobbar i til dømes oljeindustrien. Ho meiner at fleire bør velja barn framfor olja i distriktet hennar.
– Det er barna som skal bli framtida vår derfor bør det fokuserast på barna.
– Ikkje store ressursar
At det er 20 prosent dekning i eitt fylke og 70 prosent i eit anna er noko som overraska utdanningsdirektøren, men han legg til at det er mange kommunar som har svært lite som skal til før dei oppnår norma.
Til dømes treng Kampen barnehage berre ein pedagogisk leiar for å innfri pedagognorma.
Derfor er det ikkje svært store ressursar det er snakk om for å koma i mål, meiner Skarheim.
– Kostnadane bør ikkje hindra kommunane i å tilsetja pedagogiske leiarar. Det handlar om kvalitet i barnehagen å ha nok pedagogiske leiarar. Barna skal bli sett, stimulert og dei skal kjenna seg trygge. For å sikra dette må me ha eit utdanna personale, seier han.