Hopp til innhold

Fleire passasjerar med nytt styre

Fleire vil ta bussen dersom kollektivselskapet Kolumbus blir gjort om til eit aksjeselskap. Det meiner Frp i fylket. Arbeidarpartiet kallar omorganiseringa for ei ansvarsfråskriving.

Buss i Haugesund

Det blir fleire passasjerar med omorganisering til AS, meiner FrP

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Situasjonen for kollektivselskapet Kolumbus i Rogaland er ikkje lysteleg. Passasjertalet held ikkje følge med auken i folketalet og auken i bilkøyring. Samstundes løyver politikarane meir pengar enn nokon gong for å drive rutetrafikken.

Derfor vil fleirtalet av fylkespolitikarane gjere om Kolumbus til eit aksjeselskap med profesjonelt styre og gi selskapet større handlerom til sjølv å bestemma kva tiltak som skal setjast i verk for å få tak i fleire passasjerar.

– Det vil føre til betre drift av kollektivselskapet og som følge av det, også fleire passasjerar, seier nestleiar i Samferdselsutvalet, Einar Endresen frå Frp.

Veldig dårleg løysing

Tom Tvedt

Leiar for fylkestingsgruppa til Ap i Rogaland, Tom Tvedt

Foto: Odd Rune Kyllingstad/NRK

Leiar for fylkestingsgruppa til Arbeidarpartiet, Tom Tvedt, er usamd med dette synet. Han fryktar at passasjerane tvert om blir skadelidande. Ikkje minst gjennom at dei ikkje lengre kan gå til politikarane, dersom dei har noko å klaga på.

– Resultatet er at ein avpolitiserer kollektivtransporten og gir frå seg eit ansvar. Det ansvaret blir gitt til aksjeselskapet og det vert kalla politisk ansvarsfråskriving, seier han.

Tvedt meiner heller ikkje at det er dagens styre, som består av tidlegare politikarar, som er problemet.

– Det handlar om at bussen står fast i same køen som bilane og derfor kjem for seint fram, seier han.

Aksjeselskapet bestemmer billettprisen

Slik det er i dag blir billettprisen for neste år bestemt av politikarane i Fylkestinget i budsjettmøtet i desember. Etter omgjering til AS, skal selskapet sjølv få avgjere taksten på billettane og det blir også i større grad opp til selskapet å bestemme kva ruter bussane skal køyra og frekvensen på dei rutene.

Einar Endresen

Einar Endresen, FrP, er nestleiar i Samferdselsutvalet i Rogaland

Foto: Frp

Einar Endresen frå Frp meiner det ikkje blir noko særleg endring når det gjeld fylkespolitikarane si makt over kollektivtrafikken. Han peikar på at Kolumbus i dag er eit fylkeskommunalt foretak og at det også i dag har eit eige styre, berre at det nå er tidlegare politikarar som har dei verva.

– Det er lenge sidan det var dei aktive politikarane som bestemte rutene bussane skulle køyra, seier han.

Det aller viktigaste for Endresen er at ansvaret blir tydlegare med eit aksjeselskap.

– Då kan politikarane stille aksjeselskapet meir til ansvar, dersom det ikkje oppnår gode nok resultat, meiner han.

Ansvaret blir pulverisert

Tom Tvedt vil at politikarane skal stå ansvarleg for kollektivtrafikken, som angår så mange av veljarane i fylket.

– Med omgjering til eit aksjeselskap så kjem folk som klagar til å få det svaret at "det er styret sitt ansvar". Det blir ikkje lengre slik at fylkesordføraren må ha ei meining, seier Tvedt.