Hopp til innhold

Fleire må reddast frå norsk natur

– Styresmaktene og turistnæringa bør gi betre informasjon til turistane, meiner redningsinspektør, Hans G. Christensen, ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.

Sea King under øvelse

HRS: Det er Hovudredningssentralen (HRS) som er ansvarlege for å koordinera redningsaksjonar i Norge. Her er eitt av HRS sine Sea King-helikopter under øving.

Foto: Nils P. Skipnes / Forsvaret

Dei nøyaktige tala er framleis ikkje klar, men hos Hovudredningssentralen (HRS) sin base for Sør-Norge på Sola kan dei allereie slå fast at det har vore langt fleire redningsoppdrag i sommar enn tidlegare somrar.

– Det er fleire som kjem for å sjå norske turistikon, og når talet på turistar går opp, går også talet på redningsaksjonar opp. Det er heilt naturleg, seier redningsinspektør, Hans G. Christensen, ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.

redningsaksjon

I går blei eit tysk par henta ned frå Grautheller i Ryfylke av helikopter.

Foto: Ivar Anton Nøttestad

Saknar betre informasjon

Både Preikestolen, Kjerag og Trolltunga kjem også i sommar til å setja nye besøksrekordar, og HRS har vore involverte i fleire redningsaksjonar for dei som har fått problem.

På måndag var vêrforholda så dårlege, og redningsaksjonane så mange, at politiet valde å stenga stien opp til Preikestolen ein liten periode. Dagen etter blei turistane åtvara om vanskelege forhold, men mange trossa råda.

Christensen meiner likevel at dei fleste som treng hjelp er godt førebudde, og ikkje kan klandrast.

– Det er lett å tenka at dei gjer dårlege vurderingar og kjem utan å vera førebudde. Det er alltid nokre slike tilfelle, men at ein skal forventa så mykje meir av turistane er eg ikkje så sikker på. Dei me kan forventa meir av er styresmaktene og turistnæringa når det kjem til informasjon, seier han.

For han innrømmer at auken i turisme har kome noko overraskande på dei, og at det derfor er endå viktigare å gi god informasjon om kva det inneber å leggja ut på tur i norsk natur.

– Styresmaktene og turistnæringa bør gi betre informasjon til turistane, meiner redningsinspektør, Hans G. Christensen, ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.

VIL HA MEIR INFO: Hans G. Christensen meiner styresmaktene og turistnæringa må bli betre til å informera turistar om norsk natur.

Vil ikkje ha gebyr

Auken i redningsaksjonar i sommar har ført til at nokon har teke til orde for ei redningsavgift. Dette er HRS-inspektøren sterkt imot.

– Redningskostnadene i Norge er låge, det er ein dugnad mellom frivillige, det offentlege og enkelte private aktørar. Dersom me skal ta eit gebyr er me redde for at det skal sitja lengre inne for folk å varsla redningstenesta, dermed kjem meinn seinare, og i ytste konsekvens kan det føra til tap av liv. Det ønskjer me ikkje.

Nokre av sommarens redningsaksjonar